Teater
Spektakulært, men uengasjerande
Var det road movie dei sa?
Skodespelarane utkledde som dramatikaren Peter Handke.
Foto: Øyvind Eide
Austerrikske Peter Handke er ein både omstridd og høgt prisa aktør i europeisk kulturliv i dag. Litteraturvitarar vil vel helst ikkje lenger vurdere litteratur etter den biografisk-analytiske metoden. Men når ein forfattar, anten han heiter Peter Handke eller Bjørnstjerne Bjørnson, er både diktar og samfunnsdebattant, er det nærast umogleg ikkje å gjere det.
Regissør Melanie Mederlind har iallfall uttalt at personen og diktaren Handke må sjåast i samanhang. Kan hende har ho rett, men teksten i Kunsten å spørre gir korkje noka tydeleg livsoppfatning eller nokon reell politisk bodskap. Vel er Handke som dramatikar kjend for å gjere opprør mot det konvensjonelle dramaet, men kva skal det erstattast med?
Pretensiøst
Ifølge vaskesetelen handlar dette stykket om ei gruppe menneske på reise mot nord. Framandgjorde i nye landskap skal dei tydelegvis gjennom ei erkjenning der det dreier seg om å stille dei rette spørsmåla her i livet. Det er for så vidt meiningsfullt nok viss det tyder at mennesket alltid bør vere søkande. Men i ein antirealistisk setting, der replikkane aldri blir til samtalar og mest verkar som opphoping av pretensiøse ordspråk, får vi aldri noka stadfesting på at dette er ei reise mot innsikt og erkjenning.
Framsyninga er påkosta. Her er flotte visuelle og lydlege effektar, til dels nydelege kostyme. Skodespelarane gjev alt dei har for å formidle, både i dans, song og replikkmodulering. Framsyninga blir likevel mest som ein merkeleg, kald kunstinstallasjon. Regissøren har omtalt stykket som ein klassisk road movie. Viss nokon kjem i teateret og ventar seg det, vil dei bli skuffa.
Ikkje eit smart trekk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.