JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Sondheims mørke eventyrleik

Her er mykje vokal prakt og energi, men sjangeren er for dei utvalde.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Skodespelarane, som Mimmi Tamba (i midten), syng med sjel, skriv Bent Kvalvik.

Foto: Erik Berg

2736
20220408
2736
20220408

Det Norske Teatret

Stephen Sondheim / James Lapine:

Into the Woods

Omsett av Runar Gudnason
Regi: Ole Anders Tandberg
Scenografi: Erlend Birkeland
Koreografi: Belinda Braza
Musikalsk ansvarleg: Svenn Erik Kristoffersen

Musikalmakaren Stephen Sondheim er nok den som har fornya musikalsjangeren meir enn nokon annan. Verka hans er ikkje standardlåtkatalogar à la Cole Porter og Richard Rodgers, og dei er heller ikkje smektande sentimentale à la Andrew Lloyd Webber og Claude-Michel Schönberg.

Sondheim er spesiell, utfordrande. Bortsett frå gullklassikaren «Send in the Clowns» frå A Little Night Music har ikkje desse verka heller ålmennkjende melodiar. Musikken nærmar seg ofte atonale operaresitativ. Men det heile har som oftast likevel ein fjetrande dramatisk effekt. Det er ein eigen kjemi mellom musikk og skodespel som skapar magien.

Eventyrleik

Into the Woods, som er eit av dei seinare verka hans, er ein lettare makaber leik med velkjende eventyr. Grunnideen her er å fabulere over korleis det eigentleg går med alle desse figurane etter at snipp snapp snute er sagt og underskrive. Spesielt barnevennleg er musikalen dermed ikkje.

Kryssingane av ulike eventyrelement går heller over stokk og stein, og eventyrformelens enkle logikk er heller ikkje vektlagd, snarare tvert om. Oppsetjinga på Det Norske Teatret har heller ikkje lagt seg etter å rydde og skjerpe strukturen. Rollefigurane er, dei fleste, så pass outrerte at det er vanskeleg å skilje mellom gode og vonde, vakre og stygge.

Scenografien, dominert av eit stort hus som alle går like sjølvsagt inn og ut av, gjev meir forvirrande enn klårgjerande bakgrunn for handlinga. Vi har ikkje sett uroppsetjinga på Broadway, men får ei kjensle av at det her har krasja litt mellom Broadway-musikalens typisk ferdigbygde struktur og ei individualistisk regiløysing, der ein har vilja ha ei oppsetjing som står på eigne bein. Om resultatet har lukkast, kan nok diskuterast.

Fyrsteklasses

Når det gjeld utøvarane, er innsatsen upåklageleg og fyrsteklasses. Det Norske Teatret har framleis skodespelarar som kan syngje med sjel, så det heile tida er innkorporert i spelet, aldri berre eit songnummer. Blant dei vi kjenner godt som musikalkrefter, kjem vi ikkje utanom Heidi Gjermundsen Broch og Pål Christian Eggen, og av ferskare namn imponerer òg Ina Svenningdal og Mimmi Tamba. Men mange fleire kunne vore nemnde.

Framsyninga vart varmt tiljubla på premieren. Framleis trur vi vel ikkje dette er den mest omfemnande musikalen publikumsmessig. Men Sondheims avanserte musikk er framifrå formidla.

Bent Kvalvik

Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis