Teater

Slampoetisk science fiction-show

Rå monologsyklus fascinerer trass i diskutabel dramatisk effekt.

Manusforfattaren Fredrik Høyer står òg på scena.
Manusforfattaren Fredrik Høyer står òg på scena.
Publisert

Den unge forfattaren Fredrik Høyer har i fleire medium markert seg som ein både beisk og poetisk samtidskommentator. Han veit å setje fingeren på ting og problem som vedkjem det notidige kvardagsmennesket. Vi kjenner oss att i dei tragikomiske utsegnene hans, og det er ikkje så rart om tekstane hans dreg seg mot teaterscena. Han representerer dualismen med den smilande og den gråtande maska, slik teateret alltid har gjort.

Stykket Jordopphimlesang, som no endeleg har hatt premiere etter eit langt, koronapåverka svangerskap, er eigentleg ein syklus av monologar for seks skodespelarar. Dei framfører tekst og fortel sine historier kvar for seg, og einaste samhandlinga dei imellom, er skifte i korleis dei posisjonerer seg.

Slik sett vert dei òg som levande scenografielement for kvarandre. Scena er elles stor og tom, etter kvart utstyrt med flyttbare skjermbrett med blinkande lysrøyr. Kostyma er fantasy-orienterte, som i eit eventyr eller ein avart av Ringenes herre – eller noko slikt. Kroppsspråket til skodespelarane er til dels avstiva, marionettaktig og til dels hyperaktivt.

Det heile er stilsikkert og smakfullt gjennomført. Teknisk og visuelt er det heile tida verdig og flott teater. Men Høyers tekst handlar hovudsakleg om det moderne menneskets sjelelege einsemd og sosiale hjelpeløyse. Han lèt oss sjå vår kvardagslege desperasjon – og resignasjon – i kvitauget. I ljos av det kunne vi nok ønskt at stykket også hadde innehalde døme på menneska sine forsøk på kontakt og kommunikasjon. Når dei opptredande aldri kjem i dialog med kvarandre, vert denne desperasjonen mest til påstandar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement