Skrømt og dans i Gripes rike
Godt rollespel er grunnmuren i litt for stilisert Maria Gripe-dramatisering.
Gripes teaterstykke er ei blanding av «vanleg» teater og danseteater.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret / Kanonhallen:
Maria Gripe:
Agnes Cecilia
Dramatisering, regi og koreografi: Erlend Samnøen
Svenske Maria Gripe har i over femti år vore ein av Nordens mest elska barnebokforfattarar. Med smarte grep har ho kunna gje det kvardagslege eit stenk av magi, ho har elegant handsama knepet med den kinesiske øskja – historier inni historia – og har fortalt oppløftande om einsemd som kjelde til sjølvstende og styrke.
Som kvinneleg forteljar tek ho på sett og vis opp arven etter både Astrid Lindgren og Selma Lagerlöf. Agnes Cecilia er avgjort ei av dei mest populære bøkene. I sceneversjonen som Nationaltheatret no spelar, merkar vi fort den karakteristiske skrivekloa, men òg den sårbare akilleshælen som mest alltid vil finnast i dramatisering av ein roman: Ting må til dels forenklast, og ikkje alt kan kome med. Og forteljingane til Gripe er ofte detaljrike og innfløkte.
Overtydande
Teaterallkunstnaren Erlend Samnøen, som har både dramatisert, regissert og koreografert stykket, har lagt opp framsyninga som ein kombinasjon av «vanleg» teater og danseteater.
Dei som opptrer, er gode, dei klarer langt på veg å skape heile, overtydande rollefigurar i dette grenselandet. Ikkje minst har Monica Dybwad ein sterk og sjarmerande appell som hovudpersonen Nora.
Fortid og notid
Men historia går føre seg i eit spenn mellom fortid og notid, og mellom det ein kallar alternative røynder, og det blir her veksla raskt mellom rasjonelle og irrasjonelle hendingar. Innimellom mystiske og iblant ganske skumle effektar vert den reelle handlingsinformasjonen litt i knappaste laget. Og der det gradvis vert rulla opp ein sår rapport om sorg, svik og forteiing, held framsyninga seg framleis på eit såpass distansert kjenslenivå at det ikkje er før heilt mot slutten at vi kjenner på noko vi kan identifisere oss med.
Når så mykje er sagt: Både visuelt og lydleg er dette elles ei gjennomført, stilrein teaterhending. Musikken av Gaute Tønder er vakker og stemningsskapande. For dei yngste teatergjengarane kan nok dette likevel vere i nifsaste laget. Og kanskje, men ikkje veit eg, vil Agnes Cecilia på teater nå best fram til dei som alt har lese boka.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.