Skrekkfilm og makaber komikk
Gruppa Susie Wang tek scenen med vill humor og uhygge.
Julie Solberg og Mona Solhaug spelar kvinner på keramikkurs.
Foto: Simen Ulvestad
Susie Wang / Nationaltheatret / Amfiscenen
Trine Falch:
The Look
Regi: Trine Falch
Scenografi: Bo Christer Wallström
Når ei sjølvstendig profilert teatergruppe inntek Nationaltheatret med sitt eige prosjekt, kan det slå båe vegar med omsyn til møte mellom teaterkulturar. I beste fall kan det gå riktig bra. Det gjer det denne gongen, med Trine Falch og gruppa Susie Wangs framsyning The Look.
Stykket har ikkje nett noka logisk, ibsensk handlingsframdrift, men det har klårt definerte rollefigurar, og vi misser aldri interessa og nyfikna for det som skal skje i neste augneblink, endå om vi ikkje alltid skjøner kvifor det skjer. Fascinerande og sceneteknisk imponerande er det likevel heile tida, og spelemessig vilt, sterkt og morosamt.
Realistisk start
Det heile startar realistisk nok: Åstaden er ein keramikkverkstad i Syden, der tre amerikanske kvinnelege turistar skal kome for å ta eit feriekurs i skulpturforming. Dei kjem òg, men først etter ein forunderleg handlingsprolog vi ikkje skal røpe. I ei personteikning og ein hendingsgang som stendig vekslar mellom det sannsynlege og det marerittaktig umoglege, får vi, på eit vis, om vi tolkar rett, ei spissa utforsking av magnetismen og antimagnetismen mellom det maskuline og det feminine. Korleis ser ei kvinne ein mann, og korleis ser ein mann ei kvinne? Slik sett er det rimeleg at det heile går føre seg i ein kunstnarverkstad.
Dei tre overkarikert feminine kvinnene (Mona Solhaug, Julie Solberg og Stine Fevik) krinsar med ei blanding av jenteknis og furiekraft rundt den absurde og groteske mannsskapnaden (Jan Sælid), medan den merkelege kommunikasjonen deira etter kvart får eit følgje av apokalyptiske naturkatastrofar. Dei filmklassiske referansane er tydelege, her er hint både til Lars von Triers dommedagsvisjonar og til Alfred Hitchcocks intense seigpiningsscenario. (No kjem det snart noko fælt, men kva tid? KVA TID??!!)
Grufullt og grotesk
Det som aller mest svingar tryllestaven over denne teaterhendinga, er at vi ler av det grufulle og det groteske, jo verre jo betre. Det gjer vi ikkje kvar dag, og ikkje av kva som helst. Vi lever trass alt i ei uroleg tid. Men sjølv ei pågåande skildring av noko grufullt kan ha eit sårbart alvor i underteksten. Og Susie Wang har det.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fascinerande og sceneteknisk imponerande er det, og spelemessig vilt, sterkt og morosamt.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.