Teater
Skjel litt til Shakespeare!
Lokalt vinkla komedieklassikar vert koseleg sumardrops.
Sommerteater på Atlungstad byr på Shakespeare i år også.
Foto: Hamar Teater
På Atlungstad Brenneri ved Hamar har entusiastiske teateraktørar gitt artige og ambisiøse versjonar av til dels lite kjente Shakespeare-komediar dei siste åtte sumrane. The two gentlemen of Verona er garantert ein av meisterens minst spelte stykke her til lands.
I denne lokalvarianten, der det lokale tilsnittet eigentleg berre inneber lokale stadnamn, merkar vi at dette er Shakespeare på både godt og vondt. Statuskampen herre og tenar er der, språkleiken med alle dobbelttydingane, kvinner som kamuflerer seg i mannsklede og så bortetter. Samstundes vantar ein del av den romantiske poesien og den perfekt logiske handlinga som finst i dei meir kjende Shakespeare-stykka.
Som med utespel flest merkar ein òg at det profesjonelle nivået ikkje er like høgt i heile ensemblet. Men gjengen på plassen framfor brenneriet og like ved vasskanten til Mjøsa har ikkje problem med å sjarmere oss i sumarkvelden, trass i at myggen tidvis krev like mykje merksemd.
Dei kløktige tenarane har ofte dei mest takksame rollene i denne typen dramatikk, og sånn sett vert det naturleg her å framheve Sarah Jaggi som tenaren Pigg og Jon Arne Arnseth som tenaren Rapp.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.