Teater

Sjela si ubotelege einsemd

Glitrande spela, men visuelt utydeleg Beckett-klassikar.

Anne Krigsvoll spelar hovudrolla som Winnie. I bakgrunnen sit ektefellen, spela av Kim Haugen.
Anne Krigsvoll spelar hovudrolla som Winnie. I bakgrunnen sit ektefellen, spela av Kim Haugen.
Publisert

Det er ingen tvil om at absurdismen i teateret, som oppstod for om lag 70 år sidan, gav europeisk scenekunst eit andletsløft som har fått konsekvensar for både ny og klassisk dramatikk for alltid. Men det er ei spesiell utfordring å spele om att dei klassiske absurdismestykka, som var nyskapande da dei kom. Da vil ein gjerne fornye fornyarane. Av og til endar det med at ein avmagnetifiserer dei. Korleis går det i dag?

Vel, framsyninga Lykkedager på Nationaltheatret er sjølvsagt ein storarta kveld for den herlege skodespelaren Anne Krigsvold. Ho spelar den mellomaldrande kvinna Winnie, som sit fanga i eit hòl i ørkenen, moglegvis i kvikksand, medan ho klynger seg til daglege rutinar som å stelle seg, rote i veska si, småprate med seg sjølv, sjå på vêret og stundvis vende seg til den utmatta ektemannen Willie, som kryp inn og ut av ei lita hole like ved.

Stykket er eigentleg ein monolog for Winnie, for mannen seier mest ingen ting.

Anne Krigsvold finn praktfulle uttrykk for alle dei merkelege laga i Becketts tekst, som oppsummerer eit menneskeliv, på eit vis vårt liv, i ein vill kombinasjon av desperat optimisme og sår lengt og fortviling. Kim Haugen, i den forunderlege skuggerolla som Willie, klarer òg å gi ei rørande karakterskildring, trass i at han aldri er andlet til andlet med publikum.

Det som likevel no hemmar dette vakre og originale skodespelet, er at scenebiletet er surrealistisk. Sjølve Columbi-egget med det absurde teateret er som regel at det set det realistiske i kontrast til det meiningslause. Det gjer ikkje denne framsyninga av Lykkedager, for Winnie sit ikkje i ein jordhaug. Ho sit bakom eit heva draperi, og vi kan ikkje eingong sjå at ho sit fast.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement