Teater

Sjåverdig, men berre nesten bra

Duuns Medmenneske pustar ikkje heilt fritt i dagens teaterspråk.

Wenche Strømdahl som Kvit-Ugla og Trond-Ove Skrødal som Didrik.
Wenche Strømdahl som Kvit-Ugla og Trond-Ove Skrødal som Didrik.
Publisert

Olav Duuns romanklassikar Medmenneske har vorte mest like legendarisk som teaterstykke, heilt sidan forfattaren sjølv gjorde den første dramatiseringa saman med Knut Hergel i 1937. Sidan romanen så tydeleg skildra samspelet mellom natur og miljø mot indre drifter og kjensler, vart mange overraska over at dette kunne overleve i eit avgrensa scenerom. Og sånn sett kan nok aldri ein sceneversjon av Medmenneske formidle verket i full velde. Men rollefigurane og den lagnadstunge handlinga hadde og har eit tidlaust grep på både lesarar og publikum.

Merkeleg historie

På den karrige garden Stavsund er ungkona Ragnhild den gode ljosfeen i ein sump av menneske som er bitre, deprimerte og maktsjuke. Paradoksalt nok vert ho mordar da den sleske og forherda verfar hennar, Didrik, kjem henne for nær, og ho skjøner at han kan øydeleggje livet til alle rundt seg. Det er ei merkeleg og fascinerande historie.

Trøndelag Teater har denne gongen valt å rive stoffet ut av tid og miljø og spele det i eit stilisert scenebilete med lett rufsete, notidige kostyme og rekvisittar. Sidan originalmaterialet er sterkt stadbunde, er ikkje dette gjort utan vidare. Men dramatiseringa har lagt ei forteljarramme rundt replikkane, slik at skodespelarane ikkje alltid er i dialog, men jamleg siterer romanen direkte. Dette gjev framsyninga eit metanivå som gjer miljø- og tidløysa akseptabel. Den mørke bakgrunnen og det vedvarande regnet over scena er òg medskapande til ei isolert og lummer stemning.

Distraherande effekt

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement