Teater

Siste stopp: begjær

Ei tradisjonell klassiskfortolking verkar paradoksalt nok fornyande.

Hanne Dieserud som Blanche og Gisle Hass som Mitch.
Hanne Dieserud som Blanche og Gisle Hass som Mitch.
Publisert

Lars Øynos friteatergruppe Grusomhetens Teater har gjennom 30 år gjort mange overraskande grep om klassisk og ny dramatikk, tufta på teatermannen Antonin Artauds idear om reteatralisering, eit sceneuttrykk som vil vekk frå det litterært representerande. På eit vis har dei vore ein malurt i begeret for institusjonsteatra.

Det rare er at når Grusom­hetens Teater no spelar gullklassikaren En sporvogn til begjær, står dei i same motposisjon, men no med motsett forteikn. Der norsk teater ofte kavar og vrir på klassikarane og vil gjere dei moderne, speler denne gruppa Tennessee Williams heilt etter boka. Tids- og miljøkoloritten er heilt som den opphavlege, språkbruk og spelestil er, om enn noko ruglete og upolert, heilt i tråd med det faktiske innhaldet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement