Teater

Seminar med ein desperado

Norén-monologen om ein terrorist og sjølvmordar er lågmælt, men kvass.

Tarjei Sandvik Moe har ein fin scenisk intelligens, skriv Bent Kvalvik.
Tarjei Sandvik Moe har ein fin scenisk intelligens, skriv Bent Kvalvik.
Publisert

Når vi går til den tredje monologframsyninga i Oslo på under ei veke, er det ikkje fritt for at vi tenkjer: Ja, ja, godt å kome på teater att, men endå gildare skal det bli når vi får vere litt fleire, både på scena og i salen.

I dei heller intime framsyningane, som den vi nett no skal omtale, er òg utfordringa at det skal kommuniserast litt med tilskodarane. Det kan fort bli litt småkleint når det er så få av oss å velje blant. Denne meldaren må vedgå at han såg redd ned i golvet då skodespelaren byrja å stille spørsmål til publikum.

Scenisk intelligens

Men rett skal vere rett, dette gjorde unge Tarjei Sandvik Moe med fin scenisk intelligens og situasjonskjensle. Og teksten i 20. november, om tankane og bakgrunnen til ein ung mann som skyt på andre og drep seg sjølv i eit skulegardsattentat, har ikkje i utgangspunktet så stor dramatisk effekt. Les ein manuset på førehand, er det mest som ein diktsyklus. Til gjengjeld har teksten eit autentisk fundament. Han byggjer på notat og videomateriale den verkelege personen, Sebastian, etterlét seg.

Og i ei iscenesetjing som nærmar seg forma til eit kurs på eit jobbseminar, får vi presentert ein person som tilsynelatande overlegent doserer for oss om kvifor gale går gale her i verda, til han gradvis bryt seg sjølv ned og går roleg mot det som er den uavvendelege lagnaden hans.

Utanforkjensle

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement