Teater

Scener frå ei kjærleikshistorie

To unge byd på fin menneskeleg komedie i høgt tempo.

Axel Bøyum og Kamilla Grønli Hartvig i rollene som ein mann og ei kvinne i eit samliv.
Axel Bøyum og Kamilla Grønli Hartvig i rollene som ein mann og ei kvinne i eit samliv.
Publisert

Den tosame kjærleikskampen, sjølve samlivsreisa, er eit evig gjenvendande tema i all dramatisk kunst. Somme gonger synest vi kan hende det er det det alltid handlar om. Så kan vi andre gonger tenke: Vert det aldri nok av dette? Vert det ikkje ein vakker dag for mykje? Men grunnen til at det held fram, er enkel: Det er den reelle kvardagen vår det handlar om. Livet er jo sånn, for veldig mange av oss.

Verdssuksess

Britiske Duncan Macmillan har hatt verdssuksess med den dramatiske duetten Pust. Det er ein serie korte dialogar mellom ein mann og ei kvinne, der dei i forrykande tempo, med heile og halve setningar, til dels i munnen på kvarandre, kjemper seg gjennom å etablere eit forhold, planlegge barn, gjere det slutt, kome saman att, falle til ro, bli gamle saman og til sist skiljast ved at den eine døyr. Samtalene er sterkt gjenkjennelege. Dette er situasjonar vi har gjennomlevd, replikkar vi sjølv har sagt og høyrt.

Marie Blokhus har erobra ein sterk posisjon som skodespelar dei siste ti åra. Når ho no det siste året har byrja å regissere, ser vi kunstnarprofilen hennar endå klårare. Det heftige og uforferda direkte vi som regel ser når ho opptrer, ser vi òg i skodespelarane Axel Bøyum og Camilla Grønli Hartvig, som speler i Pust. Dei slåst og elskar med ein rytmisk eleganse, der sinnsstemningar går i berg-og-dalbane. Det er ein skodespelarteknisk perfeksjonisme som fort kunne gått mot det mekaniske, men vi vert tvert om rivne med.

Sigerssikkert

Vi sit der og vekselvis sympatiserer og irriterer oss, vi vert både gripne og provoserte. Og utan å karikere eller parodiere noko som helst av det menneskelege, er dette til sjuande og sist likevel ein komedie, sjølve livets eigen komedie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement