Romantikk, komedie – og Ibsen
Ungdomsverket Ibsen ville gløyme, er langt betre enn ryktet.
Regissøren Sigrid T’Hooft har spesialkompetanse på teaterhistorisk pastisj, og skodespelarane syner seg å meistre denne spelestilen med eleganse. Frå venstre: Dagny Backer Johnsen, Marika Enstad, Per Egil Aske, Jacob Jensen, Seda Witt og Jonas Hoff Oftebro.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret
i Ibsen Museum & Teater
Henrik Ibsen:
Sancthansnatten
Regi og omarbeiding: Sigrid T’Hooft
Omsetjing og dramaturgi: Hege Randi Tørressen
Scenografi: Katja Ebbel
Frederiksen
Kostyme: Anna Kjellsdotter
Musikalsk ansvarleg: Magnus Loddgard
Det er alltid interessant å sjå korleis nye teaterfolk grip fatt i gamle klassikarar. Det er sjeldan dei prøver å lage faksimilar av tidlegare oppsetjingar. Det ville vel heller ikkje gå særleg bra. Men når ein tek tak i ein dramatikar som Ibsen, med eit stykke som faktisk ikkje er nokon klassikar i det heile, knapt nok spela sidan urpremieren, ja, da kan ein kan hende like gjerne prøve å nærme seg faksimilen. Det blir ikkje noko déjà vu for nokon. Dei som såg stykket i 1852, kjem ikkje attende.
Når Nationaltheatret no spelar Sancthansnatten av Ibsen for første gong, presiserer dei at det blir ei framsyning inspirert av den tidas, 1800-talets, teaterkultur. Inspirert, men ikkje kopiert. I praksis vil det seie ei deklamatorisk replikkføring og ein meir utstudert, koreografert spelestil enn vi elles ser i dag. Scenebiletet er òg skore ut i papp, som i eit gamaldags dokketeater. Stykket i seg sjølv er ein romantisk eventyrkomedie, tydeleg inspirert av Shakespeares ljosaste verk. Vi ser tydelege peikarar til både Ein midtsommarnattsdraum og As You Like It.
Det vesle faremomentet med ei slik tilnærming er at ein stundimellom kan nærme seg parodiering av sjølve stykket. Det er faktisk ikkje naudsynt, for sjølv om denne teksten ikkje loddar like djupt som Peer Gynt, merkar vi godt at meisterens klo er på plass, både i satirisk og poetisk forstand. (Du treng slettes ikkje vende deg i grava, Ibsen!) Assosiasjonane kan sjølvsagt òg gå lett til Wessels Kierlighed uden Strømper. Skilnaden er berre at dette var eit stykke som var gjennomført parodi alt då det vart skrive. Her er vi faktisk ved ei sentral problemstilling i all teateradaptasjon: Tykkjer ein at eit gamalt stykke ikkje er morosamt nok, blir det neppe betre av at ein dummar det ut.
Men heldigvis: Den belgiske regissøren Sigrid T’Hooft har spesialkompetanse på teaterhistorisk pastisj, og skodespelarane syner seg å meistre denne lett distanserte spelestilen med eleganse og glimt i auget. Sancthansnatten anno 2022 held seg smart på rette sida av grensa mot det parodisk utleverande. Både røynde veteranar som Marika Enstad, Per Egil Aske og Per Christian Ellefsen, og ferskare rekruttar som Jonas Hoff Oftebro, Dagny Backer Johnsen, Jacob Jensen, Seda Witt og Andreas Tønnesland, leikar seg ellevilt og sjarmerande i dette tidsbiletet. Resultatet er høgst underhaldande, og den romantiske dimensjonen er absolutt teken vel i vare. Det kjem til å bli moro på Ibsen-museet utover våren.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjølv om denne teksten ikkje loddar like djupt som Peer Gynt, merkar vi godt meisterens klo.
Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.