Teater

Road movie på scenekanten

Tschick – adjø Berlin er tiltalande i spelet, men visuelt trongt om eit ungt vennskap.

Maik (Karl-Vidar Lende) og Tschick (Eivin Nilsen Salthe) saman med Caroline Frogner, som spelar fleire roller.
Maik (Karl-Vidar Lende) og Tschick (Eivin Nilsen Salthe) saman med Caroline Frogner, som spelar fleire roller.
Publisert

Historier om unge kjensler, om alt det usikre, det forvitne og det forventningsfulle i det å vere ung vil alltid finne eit publikum når det blir innsiktsfullt fortalt. Den tyske, tidleg døde forfattaren Wolfgang Herrndorf la eit lite gullegg i denne sjangeren for ein del år sidan. Romanen Tschick vart ein millionsuksess og fann snart vegen til både scene og film.

Først i Skandinavia

Når historia no for første gong har funne vegen til ei norsk (og i det heile skandinavisk) scene, skjøner vi fort at dette er personskildringar som har sjarmert og rørt mange, i alle aldrar. Men i Det Norske Teatrets uttrykksform merkar vi òg kor grensene går når ein vil samle eit romanunivers inn på ei scene. Her flyttar ein seg fort frå stad til stad, og her flimrar personar forbi. Det er vanskeleg å tydeleggjere i ein stilisert scenografi, og med få skodespelarar.

Dei to skulegutane Maik og Tschick, som forunderleg nok finn saman i vennskap, sjølv om dei er som natt og dag, vert spela med stor sjarm og innlevd klokskap av Karl-Vidar Lende og Eivin Nilsen Salthe. Det er i «duetten» mellom desse to at denne framsyninga held tempoet og varmen oppe. At dei må vere i ein scenografi av kvite trådar, ein for så vidt fin installasjon isolert sett, gir oss diverre aldri noka akseptabel kjensle av tid, stad og stemning. Det gjer det heller ikkje at Salthe må spele far til Maik i tillegg til Tschick-rolla, og ikkje heller at den tredje skodespelaren, Charlotte Frogner, må spele heile ti ulike karakterar. Ho er fin som den utagerande kompisjenta Isa, men hadde nok verka endå sterkare om ho hadde fått konsentrert seg om den rolla åleine.

Brei appell

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement