Teater
Reinspikka kitsch
Der filmen kjendest rotekte, er musikalen eit melodrama.
Hans Marius Hoff Mittet spelar hovudrolla som den heimvende dirigenten som tek over blandakoret i bygda.
Foto: Lars Opstad
Den svenske filmen Så som i himmelen var ein vidt omtykt kinosuksess for 15–16 år sidan. Det var ei sympatisk og velspela historie om ein kar i midtlivskrise som vender attende til heimbygda si og vert konfrontert med det gjennomsiktige bygdemiljøet han rømde frå. Han overtek eit kyrkjekor, og i møte med menneska der får han gamle og nye konfliktar, og ein ny kjærleik, midt i fjeset.
Filmen gjekk rett heim i Noreg òg, og songen frå filmen, «Gabriellas sång», vart straks ein obligatorisk programpost i norske bryllaup, gravferder og 40-, 50- og 60-årsdagar.
Nær parodisk
Med filmen i minnet går vi eigentleg varme om hjartet for å sjå musikalversjonen, som har vore ein kolossal suksess i Stockholm. Skal ein døme etter publikumsreaksjonane på premieren, vil han verte det i Oslo òg. Det må likevel vere lov å seie følgjande: Alle originalsujett toler ikkje like godt å verte musikal. Om Så som i himmelen har tolt det, må såleis òg vere ei smakssak.
Musikal er så mangt, og smaken er sjølvsagt som baken. Den moderne musikalen, som Andrew Lloyd Webber og dei samtidige etablerte, er ofte smektande og sentimental, svært gjenkjenneleg i typen melodiar. I musikalen Så som i himmelen merkar vi med ein gong at musikken er så sjangertypisk at han nærmar seg det parodiske.
Til å byrje med tenker vi at OK, musikal er klisjé og skal vere det, vi får berre svelgje unna. Men det blir verre å akseptere at den rotekte skildringa, som vi vart overtydde om i filmen, er vorten til ei blanding av grov folkekomedie og nærast smaklaust melodrama. Det er heilt umogleg å tru på at hovudpersonen Daniel, som Hans Marius Hoff Mittet elles både spelar og syng med verdig djupn, skal kunne engasjere seg i så grunne karikaturpersonar. Det er ikkje skodespelarane si skuld, særleg ikkje Niklas Gundersen, som spelar ein koneplagar med skremmande realisme.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.