Rein og ublanda Brecht
Denne Mor Courage-tolkinga er gripande av di ho er usentimental.
Hanne Dieserud spelar hovudrolla med ei rå, usentimental røyndskjensle, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Magnus Skrede / Grusomhetens Teater
Grusomhetens Teater
Bertholt Brecht:
Mor Courage og barna hennes
Omsett av Øyvind Berg
Komponist: Paul Dessau
Regi: Lars Øyno
Scenografi / kostyme: Bård Lie Thorbjørnsen
Å spele teaterstykke som var fornyande teater for 70–80 år sidan kan ofte bli vanskeleg i dag, truleg av di teaterfolk er redde for å reprodusere klassikarar, redde for å vere gamaldagse. Denne redselen har gått hardt ut over Brecht-oppsetjingar på institusjonsteatera i seinare år.
Grusomhetens Teater, denne villfuglen av ei frigruppe, gjer gjerne det finurlege grepet å spele nyare klassikarar nært opp til originalversjonane, samstundes som dei alltid held på sin eigen, merkeleg eruptive stil.
Utstyrsmessig svært enkel er versjonen deira av det krasse antikrigsstykket Mor Courage og barna hennes. Scenografien er dominert av eit stort teltlerret, som eit militærtelt, og kostyme og sminke er delvis stramt realistiske, delvis leikne, som på utkledningsfest. Motsetningane her stemmer godt med Brechts visjon om «verfremdungsteater», slik stykket i seg sjølv vekslar mellom grufulle hendingar og tørr galgenhumor.
Tittelrolla vert spelt av Hanne Dieserud med ei rå, usentimental røyndskjensle, både i spel og songnummer, medan personane rundt henne agerer i ein meir spissa ekspresjonisme. Det fungerer forbløffande godt, også i dei mange skråstilte, nærast atonale songinnslaga.
Historia om den fattige kvinna som lever av å selje handelsvarer i stridsområda under 30-årskrigen, og mister sine eigne born i krigen, har sjølvsagt ein bitter aktualitet i vårt Europa. Nett det usentimentale gjer det heile paradoksalt nok rørande. Dei to musikarane gjer òg ein glimrande innsats.
Framsyninga gjekk for førebels siste gong sist laurdag. Oppsetjinga kan godt tole ekstraframsyningar.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Nicolas Leirtrø, Øyvind Leite og Amund Storløkken Åse utgjer trioen med namnet I Like to Sleep.
Foto: Sigrid Erdal
Spanande klangunivers
Trondheimstrioen har laga ei mangfaldig plate.
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.