Teater

Publikums-frieri til feil adresse

Sjølvåskodande teatersatire får aldri ålmenn appell.

Monica Dybwad, heltinna i stykket, syner rike evner i musikkteatersjangeren.
Monica Dybwad, heltinna i stykket, syner rike evner i musikkteatersjangeren.Monica Dybwad, heltinna i stykket, syner rike evner i musikkteatersjangeren.
Publisert

Nationaltheatret

Mads Bones og Kyrre Havdal er det nye radarparet i norsk musikkteater. Det generelt fascinerande med dei er at dei kombinerer den standardiserte, mest klisjéaktige musikalformelen med eit distansert satireblikk. Det er i utgangspunktet ei svært tiltalande oppskrift. No har dei laga ei ny såkalla familieframsyning på Nationaltheatret. Teateret vågar til og med på førehand å kalle det ein ny klassikar. Og ja vel, det musikalske, det songlege og koreografiske er det ingen ting å utsetje på.

Men ... Ein lyt aldri gløyme kva slags publikum ein vender seg til. Noko stykke for familien, eller for ungar, då, er ikkje framsyninga En julenattsdrøm. Ikkje seier ho noko til born, og ingen ting har ho med jul å gjere. Og nokon klassikar kan ho aldri bli ­– i så fall skal denne meldaren ete hatten sin.

Sjølvoppteke

Rett nok hintar stykket til velkjende eventyrformlar, både til Grimm, til Asbjørnsen og Moe og til dei tre nøttene til ho de veit. Men den raude tråden i stykket er ei intenst sjølvforelska skildring av sjølve teateret.

Den vonde stemora og den vakre, evnerike stedottera er her tilsette ved eit teater, og intrigen er plassert i maktkampen mellom dei og dei andre i dette myteomspunne miljøet. Her vil framsyninga at vi skal more oss stort over parodiar på divaer, frustrerte skodespelarar og uglesette scenearbeidarar og dramaturgar. Det heile er så sjølvoppteke og introvert at ein kan krølle tær av skam.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement