Praktfull vårløysing
1890-talsklassikar skin og sprudlar nyfødt på Det Norske Teatret.
Ernst, Hänschen, Martha, Wendla, Melchior, Moritz og Ilse er ungdomar med mange utfordringar.
Foto: Erika Hebbert
Det Norske
Teatret, Scene 2
Frank Wedekind:
Vårløysing
Omsett av Jon Fosse
Omarbeidd av Miriam Prestøy Lie og Anders Hasmo
Regi: Miriam Prestøy Lie
Scenografi, kostyme, videodesign: Dordi Strøm
For 130 år sidan var debutstykket til tyske Frank Wedekind, Frühlings Erwachen, ein kulturell brannfakkel i europeisk teater. Både tematisk og dramaturgisk utfordra det publikum. Her var vågale skildringar av mangelfull barneoppseding og tenåringar med gryande kjønnsdrift og redsle for vaksenlivet, fortalt i korte, intense sekvensar. Her var det ikkje nokon klassisistisk einskap over dramastrukturen. Til norsk teater kom stykket først i 1922, og noregspremieren kom med to historiske teaterdebutar: Agnes Mowinckel som instruktør og Olafr Havrevold som skodespelar, i rolla som Melchior. At dette er eit stykke som gjev utteljing for talent, kan vi no sjå nye lysande døme på på Det Norske Teatret.
Komprimert
I Miriam Prestøy Lies noko komprimerte versjon av originalteksten, der mellom anna ein del personar og ein del av vaksendialogane er borte, er stykket lagt i eit slags metanivå, der både spelestil og scenebilete ligg på grensa mellom realisme og karikert draumespel, av og til mest som figurteater. Dette gir forbløffande nok ei glassklår meining, ettersom det er nett slik vi kan sjå lina frå ei fortid vi smiler av, til notida, der unge kjensler og generasjonsmotsetnader ikkje har endra seg så mykje som vi trur.
Skodespelarane, med til dømes dei tre hovudpersonane Wendla (Sarah Franceska Brænne), Melchior (Christian Ruud Kallum) og Moritz (Petter Winther) handterer uttrykksforma med både fysisk og kjenslemessig overtyding, og sjølv i dei mest outrerte rollefigurane, som Nina Woxholtts fru Bergmann og Anna Ladegaards Ilse, ser vi sjølve livskampen i kvitauget.
Den visuelle utforminga til Dordi Strøm er heile tida vakker og fantasieggjande, det same er Petter Winthers nydelege originalmusikk. Songinnslaget til Mimmi Tamba (Martha) er òg ei perle i det heile.
Lukkeleg romanse
I den norske førsteoppsetjinga var dei to unge homofile gutane strokne frå manus. Der gjekk tydelegvis grensa for norsk teater i 1922. (Men regissøren Mowinckel gjekk uforferda vidare ti år seinare med temaet homofil kjærleik, i stykket Piker i uniform på Det Nye Teater.) I dag er denne sidehistoria med att, og ho endar opp som den einaste lukkelege romansen i stykket. Eit interessant tankekors.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.