Poesi og musikk om einsam- og tosamlivet
Menneske, kjære menneske byr på minimalistisk teater, men spennande tekst og musikk.
Andrine Sæther, Erland Bakker, Liv B. Osa, Trond Espen Seim og Erlend Ropstad står på scenen i stykket.
Foto: Øyvind Eide
Nationaltheatret, Amfiscenen
Haagensen / Ropstad:
Menneske,
kjære menneske
Dikt av Nils-Øivind Haagensen og songar av Erlend Ropstad
Refi, Dramatisering og scenografi: Anders T. Andersen
Forfattaren Nils-Øivind Haagensen og artisten Erlend Ropstad er to røyster i norsk kulturliv som båe har markert seg med eit både lettfatteleg og finurleg skråblikk på livet. Teatermannen Anders T. Andersen har sett eit slektskap mellom dei, og med Ropstad på scena, i vekselverknad med fire skodespelarar, har han skapt ei collageframsyning der dei to røystene kommuniserer frapperande godt. I realiteten er det berre direkte framføring av tekstar og songar, ingen etablerte karakterar, ingen klassiske teaterdialogar. Likevel er det liksom ein nærast elektrisk kontakt mellom utøvarane.
Dei fire som framfører tala tekst, Liv Bernhoft Osa, Trond Espen Seim, Erland Bakker og Andrine Sæther, maner gong på gong fram forte og brå situasjonar frå det gjenkjennelege dagleglivet, som i Haagensens glasklåre og ofte morosame symbolbruk treffer oss midt i blinken. Både når dei snakkar frontalt mot oss og når dei vender seg til kvarandre, ser vi brokkane av levd liv, der menneske møtest, blir nære kvarandre og sidan fjerne, og der ein gjerne gøymer seg bak klisjear for å late som om ein snakkar saman. Scenerommet er eigentleg berre eit svart konsertpodium, med fire svarte skinnstolar, eit piano, ein gitar og eit mikrofonstativ. Sånn sett er det berre personane sjølve som skaper eit teatralt bilete, i rørsler.
Songinnslaga til Erlend Ropstad, med hans eigne tekster og melodiar, har kan hende ein endå tydelegare desperasjon i seg i høve til resten, men han har på same vis som Haagensen det universelle og det kvardagslege ropet på erkjenning side om side. Viserocksjangeren han dyrkar, har òg eit enormt spekter av hardt trykk i den eine enden og varleg, lyrisk varme i den andre.
Multikunstnaren Anders T. Andersen har i vinter gitt oss både ein ny filmversjon av Vesaas’ Fuglane, ein ny sceneversjon av Hamsuns Sult og no ein teaterpresentasjon av kontemporær lyrikk og musikk. Om han har eit konkret kunstnarleg ærend, veit vi jo ikkje, men mykje kan tyde på at han er fengsla av spenningspunktet mellom det introverte og det kontaktsøkande, kan hende sjølve spenninga ved å våge å sleppe taket.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.
Foto: Lina Hindrum
Fadesar og fasadar
Roboten blir til mens vi ror.
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned (jf. opprykk, nedrykk), skriv Kristin Fridtun. Her tek Ranheims Mads Reginiussen til tårene etter nedrykk i eliteseriekampen i fotball mellom Rosenborg og Ranheim på Lerkendal Stadion (3-2).
Foto: Ole Martin Wold / NTB
I rykk og napp
Det er naturleg å rykkja til når ein skjønar at laget ein spelar eller heiar på, rykkjer ned.
Penélope Cruz i rolla som mor til Adriana eller Andrea, spelt av Luana Giuliani.
Foto: Wildside
Roma – ein lukka by
Filmmelding: Italiensk oppvekstdrama sveipt i 70-talet skildrar tronge kjønnsnormer og fridomstrong.
Studentar på Universitetsbiblioteket på Blindern i Oslo.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB
Ja til skule, nei til studentfabrikk
Diverre er samarbeidet mellom skulen og høgre utdanningsinstitusjonar ofte dårleg.
Ragnar Bjerkreim har teke utgangspunkt i Josef-forteljinga i 1. Mosebok. Prosjektet tek for seg flukt, emigrasjon og folkevandring til ulike tider og på ulike kontinent.
Foto: Gry Monica Hellevik
Gjennom byar, under bru
Ragnar Bjerkreims Stjernesti famnar breitt, med mange røyster og opne landskap.