Teater

Peer i draumeland

Kraftfull, tenksam Ibsen-tolking rører.

Anders Baasmo, Ola G. Furuseth, Thea Lambrechts Vaulen og Jan Sælid i ei original Peer Gynt-tolking.
Anders Baasmo, Ola G. Furuseth, Thea Lambrechts Vaulen og Jan Sælid i ei original Peer Gynt-tolking.
Publisert

Skodespelet Peer Gynt ser ut til å vere ei sareptakrukke for nye og overraskande tolkingar. Sjølv kalla Ibsen det eit «dramatisk dikt», og opphavleg ville han vel helst at det skulle lesast som ei bok og slett ikkje oppførast. Det kan hende han har vendt seg i grava nokre gonger når stykket har gått over scena, men neppe alltid. Og truleg heller ikkje no, på Riksteatret. Vi kjem inn i ei ramme, realistisk og nonrealistisk samstundes, der korkje rollefigurane eller det illustrerande scenerommet er adekvate i høve til teksten. Men vi vert fanga inn, kan hende litt motvillig i starten, i ei forteljing om løgnaren og frifuglen Peer, som kan vere eit livslangt tilbakeblikk i hans eige hovud ­– eller mest truleg ein draum han har om livet han har levd.

70-talskjøkken

Scenerommet syner eit slite 70-talskjøkken, ein ståande scenografi, som overraskar i det det går opp for oss at heile Peers mangslungne livshistorie skal ha denne trauste, tilfeitta og ultrarealistiske bakgrunnen. Men i det vi oppdagar at skodespelarane, utanom Peer sjølv, spelar fleire roller og samstundes på pussig vis likevel held på ein og same karakter, byrjar vi å kjenne att draumens ulogiske logikk i det heile. Endåtil dukkar dei opp og forsvinn i skap, hyller, steikeomnar og kjøleskap, og i nokre sekvensar får Peer multipersonlegdom og er i heftige dialogar med seg sjølv.

Dei sceniske effektane er ofte både morosame og groteske, ja, til dels uappetittlege, men dei fem skodespelarane skaper typar og formidlar tekst så vi for Gud veit kva for gong tek til oss det tidlause i Peer Gynts lange leiting og flukt gjennom livet. Øyvind Berg har revidert originalteksten, dels for å skjere inn til beinet, dels for å aktualisere stykket språkleg. Det første har han gjort gjennomført bra, det andre er berre stundom vellukka. Det vil alltid vere delte meiningar om kva som er utdatert, og kva som er tidlaust av ord og uttrykk. Og denne meldaren er ikkje alltid samd med Øyvind Berg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement