Teater
På sitt beste – fenomenalt!
Det nye stykket til Arne Lygre sprudlar av originalitet og ekte liv – fram til pause.
Med rokokkokostyme har regissør Johannes Holmen Dahl valt ei klassikarramme for framsyninga.
Foto: Pernille Sandberg
Arne Lygre er ein av dei betydelegaste dramatikarane våre no. Internasjonalt pustar han Jon Fosse i nakken. Han eksperimenterer leikent med skodespelet som form, og han skriv tekster som kommuniserer direkte, morosamt og stundvis provoserande. Det er dramatikk med vitaminar.
Irrasjonell komedie
Johannes Holmen Dahl har jobba med Lygre-tekst før, og i oppsetjinga han no har signert på Det Norske Teatret ser vi kjemien mellom dramatikar og regissør frå første augneblink. Stykket er på eine sida eit heilt tradisjonelt drama om familiekonfliktar, noko faktisk dei fleste store drama i verdsdramatikken handlar om. Men samstundes er det ein slags sein-absurdistisk, irrasjonell komedie, der det logiske dansar munter tango med det ulogiske.
Dialogane mellom lett gjenkjennelege 2022-menneske vert spela ut med aktørar i parodiske rokokkokostyme. Dei rører seg i eit figurteaterliknande kroppsspråk og varierer replikkane frå det tørt sosialrealistiske til det høgdramatiske. Og vi som publikum følgjer dei, ler med dei, og av dei, og identifiserer oss med dei med éin gong.
Det vil seie: fram til pause. På merkeleg vis er det som lufta går litt ut av ballongen når skodespelarane, framleis i same irrasjonelle kostyme, spelar andre roller enn i førsteakta og går over i ein meir alminneleg spelestil. Da er det òg som ein kveler noko av det dobbeltkommuniserande i Lygres finurlege tekst.
Utnyttar potensialet
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.