Teater

Om kjærleik og kamp med vindmøller

Tung tids tale er sprudlande og hjarteskjerande teater om morskjærleik og einsemd.

Kroppsspråket ligg heile tida i grenselandet mellom utagerande og såkalla normal åtferd. Julie Moe Sandø og Jon Bleiklie Devik er to av fire skodespelarar på scena.
Kroppsspråket ligg heile tida i grenselandet mellom utagerande og såkalla normal åtferd. Julie Moe Sandø og Jon Bleiklie Devik er to av fire skodespelarar på scena.
Publisert

Olaug Nilssen er per i dag både ein av dei mest særeigne og ein av dei mest folkekjære forfattarane våre. Truleg er columbiegget hennar at ho fortel om spesielle livskonfliktar i eit språk som gjer konfliktane ålmenne.

Kombinasjonen Olaug Nilssen og regissøren Marit Moum Aune har òg gjeve sterke og fascinerande resultat på teaterscena før. Vi kjem seint til å gløyme framsyningar som Få meg på for faen og Stort og stygt. Sistnemnde hadde ein tittel med eit direkte hint til dikt av Halldis Moren Vesaas. Det har òg framsyninga som no har hatt premiere på Riksteatret.

Forteljarteater

I utgangspunktet handlar stykket om noko så konkret som å ha eit autistisk barn. Korleis er ein korrekt forelder, kva gjer ein for å få hjelp utanfrå, kva gjer ein for å bli trudd og ikkje mistrudd, og kva rom skal ein tillate seg å gi seg sjølv utover å vere omsorgsperson?

I dette eigentleg så jordnære forteljaruniverset har Marit Moum Aune, med fire skodespelarar og scenografen Even Børsum, skapt eit frontalt appellerande forteljarteater der dei fire aktørane skifter på kven dei spelar, her er det ikkje éi rolle per skodespelar. Kroppsspråket ligg heile tida i grenselandet mellom utagerande og såkalla normal åtferd.

Sidan rollefigurane mest glir over i kvarandre, får vi òg kjensla av den sterke identifiseringa den normaltfungerande har med autisten, og alle dei fire, Jon Bleiklie Devik, Siren Jørgensen, Marianne Krogh og Julie Moe Sandø, kombinerer heile tida ein nærast frenetisk energi med kjensleutblåsingar ein vanskeleg kan gå urørt frå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement