Teater

Om draum og ljos fortalt i mørke

Ei mystisk teaterhending utfordrar, men seier lite.

Stein Fevik og Espen Klouman Høiner på scenen.
Stein Fevik og Espen Klouman Høiner på scenen.
Publisert

Torshovteatret er langt på veg vorte den vesle halvgalne annleisungen til moderscena si, Nationaltheatret. Det som har vorte spela der dei siste sesongane, har ofte bore preg av eksperimentelt, antiepisk teater der skodespelarane ikkje framstiller oppdikta karakterar, og der teksten ikkje inneheld samtaler, men isolerte monologbitar.

I desse framsyningane vert det sjølvsagt heller ikkje gjort forsøk på å framstille eit identifiserbart visuelt rom. Dette er med andre ord teater som for om lag 25 år sidan berre var å sjå på frigruppearenaar. I dag er ikkje skilnadene mellom friteater og institusjonsteater så klåre lenger.

Avstandsblikk

Den allsidige teatermannen Espen Klouman Høiner opererer for så vidt like naturleg i både tradisjonell og eksperimenterande scenekunst.

Det stykket han no har skrive og regissert, med seg sjølv i den eine «rolla», gjev seg ut på å sjå med eit fabulerande avstandsblikk på den vestlege kulturen, med utgangspunkt i det ein gong lova landet Amerika, kan hende søkje å sjå kva som opphavleg forma det vestlege mennesket, og kva det har vorte til. Har vi skjøna det rett? Kan hende, men kan hende ikkje.

Finpolert framføring

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement