Odin, Tor og hammaren de veit
Sprek, musikalsk mytologitime held høg puls.
I framgrunnen Paul Ottar Haga og Ådne Kolbjørnshus.
Foto: Dag Selboskar
Riksscenen
Eldgrim Springgard:
Kven var Odin?
Regi: Leif Stinnerbom
Musikk: Thomas Eriksson
Kostyme: Inger Stinnerbom
Koreografi: Ådne Kolbjørnshus
I ei multikulturell tid då tru og overtru er ferd med å få større plass enn på fleire hundreår, verkar det naturleg at interessa for det reint religionshistoriske no breier seg eit godt stykke ut over dei smale akademiske romma.
Eventyraktig
Framsyninga «Kven var Odin?», initiert av skodespelaren Paul Ottar Haga og det velkjende svenske teaterdynastiet Stinnerbom, fortel oss eit 1001 natt-aktig eventyr om mykje av opphavet til den norrøne folketrua, sett i samanhang med mytar frå andre kulturar.
Krig, kamp og fåfengd i eit mytologisk perspektiv gjev her eit bittert hint til det dagsaktuelle òg.
Folkloristisk
Musikalsk og visuelt er dette ei teaterhending typisk «made in Stinnerbom». Dei har alltid, i dans og musikk, ein folkloristisk grunntone med nordisk tilsnitt. Ensemblet, med Paul Ottar Haga (skodespel), Ådne Kolbjørnshus og Sikia Shi Masters Heien (dans og skodespel), Thomas Eriksson (musikk) og Tuva Færden (alt saman), leverer ei festleg og imponerande allsidig oppvising av forteljeteater, konsert og danseteater.
Dei slår saltomortalar så vi mest får dei i fanget, og kroppsspråket er inderleg uttrykksfullt. Sjølve forteljinga er ikkje heile tida like glasklårt formidla. Men etter innsatsen er dette like fullt ei framsyning som vil kunne forføre dei fleste, frå ateistar til åsatruande.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Riksscenen
Eldgrim Springgard:
Kven var Odin?
Regi: Leif Stinnerbom
Musikk: Thomas Eriksson
Kostyme: Inger Stinnerbom
Koreografi: Ådne Kolbjørnshus
I ei multikulturell tid då tru og overtru er ferd med å få større plass enn på fleire hundreår, verkar det naturleg at interessa for det reint religionshistoriske no breier seg eit godt stykke ut over dei smale akademiske romma.
Eventyraktig
Framsyninga «Kven var Odin?», initiert av skodespelaren Paul Ottar Haga og det velkjende svenske teaterdynastiet Stinnerbom, fortel oss eit 1001 natt-aktig eventyr om mykje av opphavet til den norrøne folketrua, sett i samanhang med mytar frå andre kulturar.
Krig, kamp og fåfengd i eit mytologisk perspektiv gjev her eit bittert hint til det dagsaktuelle òg.
Folkloristisk
Musikalsk og visuelt er dette ei teaterhending typisk «made in Stinnerbom». Dei har alltid, i dans og musikk, ein folkloristisk grunntone med nordisk tilsnitt. Ensemblet, med Paul Ottar Haga (skodespel), Ådne Kolbjørnshus og Sikia Shi Masters Heien (dans og skodespel), Thomas Eriksson (musikk) og Tuva Færden (alt saman), leverer ei festleg og imponerande allsidig oppvising av forteljeteater, konsert og danseteater.
Dei slår saltomortalar så vi mest får dei i fanget, og kroppsspråket er inderleg uttrykksfullt. Sjølve forteljinga er ikkje heile tida like glasklårt formidla. Men etter innsatsen er dette like fullt ei framsyning som vil kunne forføre dei fleste, frå ateistar til åsatruande.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.