Teater
Noko box heilt anna
Rimbereids fyrste originalskodespel er språkleg leikent, men er det dramatisk?
Silje Lundblad og Hallvard Holmen har ein sårbar desperasjon i uttrykket som stundvis når fram, skriv Bent Kalvik.
Foto: Dag Jenssen
Øyvind Rimbereid er ei av vår mest omtykte og originale lyrikkrøyster. Han leikar med språk og finn på ord som ikkje har funnest før, og han søkjer tydelegvis mot å utforske samtida vår ved å teikne dystopiar om framtida.
Ein sceneversjon av diktsyklusen Solaris korrigert var det førre Rimbereid-prosjektet Det Norske Teatret hadde, og då som no var det regissør Peer Perez Øian som realiserte det. Stykket Den umoglege valmuehagen er i slekt med Solaris korrigert, både i tema og form. Om det er like interessant, kan diskuterast.
Introvert
To personar, kvinna Dis og mannen Sviar, har etablert seg i eit underjordisk husvære, tydelegvis på permanent basis, med utsikt til eit vedvarande samfunn der nede. Ein tredje person, Ginny, høyrer vi berre røysta til innimellom. Korleis relasjonen er dei imellom, kva som førte dei dit dei er, og kva dei eigentleg har for planar etter dette, nei, det vert aldri klårt for oss.
Slik sett har stykket sjølvsagt tydelege peikarar til fleire av Samuel Becketts absurdistiske klassikarar. Men der Beckett trass alt har ein identifiserbar logikk i tekstane som får rollene til å vedkome oss, verkar Rimbereids tekst, i alle høve her, framleis meir som introvert poesi til lesing enn som dialog for menneskeleg drama.
Desperasjon
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.