Teater
Musikal for «gæmlisar»
Det svingar av 60-talsmusikk og karar med glimt i auget og sølv i strupen.
Frankie Valli (Atle Pettersen) (t.h.) og årstidene på Chateau Neu.
Pressefoto
Den mjuke, litt glatte 60-talspopen, som blomstra side om side med nyfødd rock og hippiekultur, fekk avgjort sine eviggrøne klassikarar. Og omgrepet Frankie Valli & The Four Seasons har tydeleg sett spor for alltid, sjølv om kan hende ikkje artistnamnet i seg sjølv er det ein hugsar best.
På Chateau Neuf spelar dei no ein av dei mest seigliva Broadway-musikalane frå førre tiåret, ein nostalgisk-biografisk tur gjennom karrierane og låtane til denne gruppa.
Anført av mellom andre Atle Pettersen (som Frankie Valli) med eit stort gjennommusikalsk ensemble er det uråd å ikkje bli riven med av gromlåtar som «Big girls don’t cry», «Walk like a man», «My eyes adored you», «Can’t take my eyes off of you» og så bortetter. Scenografisk og kostymemessig er det med tilsynelatande enkle grep gitt oss imponerande augnelyst, og eit gudskjelov levande orkester følgjer opp så det rett susar.
Musikalar bygde på songkatalogane til velkjende artistar er sjølvsagt ein eigen velbrukt sjanger, stikkord Piaf! og Mamma Mia. I eit tilfelle som dette er det nok songane vi hugsar, meir ann artistane, iallfall her i Noreg, og faren for samanlikning med originalane er vel ikkje fullt så faretruande som det gjerne elles kan bli.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.