Teater

Mørkt Fosse-epos i skodde

Uthaldande aktørar strevar med ein udramatisk romantekst.

Bent Kvalvik har mykje godt å seie om skodespelarane. Frå venstre Madalena Sousa Helly-Hansen (Alida), Jon Bleiklie Devik, Gjertrud Jynge (Ales), Julie Moe Sandø, Christian Ruud Kallum (Asle) og Marianne Krogh som fødekona.
Bent Kvalvik har mykje godt å seie om skodespelarane. Frå venstre Madalena Sousa Helly-Hansen (Alida), Jon Bleiklie Devik, Gjertrud Jynge (Ales), Julie Moe Sandø, Christian Ruud Kallum (Asle) og Marianne Krogh som fødekona.
Publisert Sist oppdatert

Det Norske Teatret feirar 60-årsdagen til Jon Fosse med ein heil internasjonal Fosse-festival, der vi skal få sjå både gamle og nye Fosse-stykke i norske og utanlandske oppsetjingar. Storsatsinga på hovudscenen er ein eigen produksjon, men det står etablerte utanlandske teatermakarar bakom.

Og framsyninga dei presenterer, er ei dramatisering av romantrilogien Andvake, Olavs draumar og Kveldsvævd. Det er romanar som har stadfesta Fosses posisjon i norsk litteratur, iallfall for dei som lenge berre har visst om teaterskreddaren. Det er ei lang og intens teaterhending med imponerande innsats frå eit veltrena skodespelarlag. Men roman er roman og teater teater. Det er ikkje alltid mogleg å visualisere ei historie som er fortald i ord.

Det store scenerommet på Det Norske Teatret er skoddelagt alt når vi kjem inn i salen. Vi ser eit mørkt, vått scenegolv og eit knippe gråsvarte robåtar med botnen opp. Det er i forenkla form det karrige, vêrharde vestlandsuniverset vi vert tekne med inn i, og inn i historia om det fattige unge paret som kjempar for å skape seg eit liv, og som må gjennomgå lagnadstunge ting.

Forteljarrøysta er lagd i munnen på karakteren Ales, som Gjertrud Jynge held ein stram karakteristikk på i time etter time. Ho gjer eigentleg ypparleg arbeid, men det teatrale problemet med så mykje tekst som berre skal seiast, er at monotonien kryp listande innpå både henne og oss.

Dei andre skodespelarane er langt på veg regisserte til ein ekspressiv, høglydt og ofte parodisk spelestil, og det blir mest heile tida eit disharmonisk gap mellom den lågmælte pasjonen i teksten til Fosse og det spastiske, bråkande sceneshowet vi ser på. Først i tredje og siste delen av stykket, der den ulukkelege Alida møter ein ny mann, er det som historia finn ei form som kommuniserer med oss. Men da byrjar framsyninga å gå mot fire timar, og vi er slitne.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement