Teater

Melding til alle Facebook-slavar

Sterkt, fysisk og overtydeleg teater om hyperaktuelt tema.

Framsyninga tek for seg korleis sosiale medium styrer oss.
Framsyninga tek for seg korleis sosiale medium styrer oss.
Publisert

Birgit Amalie Nilssen, avtroppande sjef for Kilden Teater i Kristiansand, går med dette litt for teksttunge stykket inn i eit av vår tids største trugsmål: sosiale medium og kor ufrie dei gjer oss. Då framsyninga opnar, sit fire personar i kvar sitt hjørne av scena med nasen ned i lesebrettet eller mobiltelefonen. Dei kommuniserer ikkje med kvarandre, dei ser ikkje anna enn det rektangulære brettet dei har framfor seg, kanskje har dei sokke ned i sine private ekkokammer.

Sidan blir det meir rørsle, også kraftfull dans, men så å seie ingen dialog, berre replikkar og sitat som tilsynelatande ikkje når dei andre på scena. Skodespelarane går inn i ulike roller, speler kjende og ukjende menneske som har røynsler med Facebook. Som Chamath Palihapitiya, tidlegare visepresident for forbrukarvekst hos Facebook, som no åtvarar mot det farlege våpenet dette er blitt. Ironien, som han sjølv peikar på, er at han må nytte Facebook for å nå fram med åtvaringane. Kvar elles kan han nå dei han vil nå?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement