Teater
Maskinen er glad i deg
Marjorie Prime er sårbart sci-fi-teater om menneskelege substitutt.
Vern om det menneskelege byrjar i det små. F.v. Trine Wenberg Svendsen, Petter Vermeli og Marit Østbye.
Foto: Lars Opstad
Kunstig intelligens er no eit omgrep som svirrar i lufta heile tida. Vi er på eit stadium i teknologihistoria der tradisjonelle menneskelege funksjonar kan gjerast overflødige i skremmande større grad enn før, trass i at vi alt i tiår har lurt på kva tid robotane vil kome og ta oss. Det amerikanske skodespelet Marjorie Prime er skrive i 2014, men går føre seg nokre tiår fram i tid. Visjonen her er at menneske kan erstattast av robotkopiar, som når dei berre vert mata med nok informasjon, kan følgje oss trufast vidare gjennom livet etter at originalversjonane er daude og borte. Ja, vi kan til og med få att den kjære avdøde ektefellen i ung og vakker utgåve.
Eit slikt stykke kunne for så vidt vore utgangspunkt for ein original romantisk komedie, men Marjorie Prime slår an mørkare strengar enn som så. I eit kammerspel mellom ei eldre mor, den vaksne dottera og svigersonen vert vi konfronterte med sterke og skuffa kjensler på ville vegar, og ukomfortable erkjenningar som dukkar opp på grunn av at gamle løyndomar, blir avslørte. Kva anna kan ein vente når informasjon mellom nære og kjære går via robotkopiar som ikkje filtrerer opplysningar?
Skodespelet har ein fin logisk struktur, og i eit stilisert scenelandskap med bjørkestammar, som kan vere ein møtestad i både for- og notid, vekslar menneske og robotar ord, blikk og rørsler, så vi tydeleg kan kjenne på både suget mot det menneskelege og uhygga ved det mekaniske.
Marit Østbye, som mora og enka Marjorie, meislar med fine nyansar ut smerta i å miste grepet om livet i alderdomen og greier med ørsmå skuggeeffektar å differensiere rollefiguren til robotversjonen mot slutten av stykket. I Birgitte Victoria Svendsens vare regi følgjer dei hine opp, Petter Vermeli som den milde robotgemalen, Trine Wenberg Svendsen som den traumatiserte dottera Tess, som òg kjem attende som robot. Duc Mai-The spelar den trufaste og kjærlege Jon, sterk, men frysande einsam i sitt eige menneskelege tomrom mot slutten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.