Lykkekast med klassikar
Ukuelege Don Quijote sprudlar i overraskande ny versjon.
Rollene som Don Quijote og Sancho Panza vert spelte av høvesvis Svein Harry Schöttker-Hauge og Eirik del Barco Soleglad.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Riksteatret
(Fritt etter) Miguel de Cervantes:
Don Quijote
Dramatisering og regi: Yngve Sundvor
Scenografi/kostyme: Leiko Fuseya
Den spøkefulle romanen om den innbilte riddaren Don Quijote er ein grunnstein i litteraturhistoria. Det er vel difor vi tykkjer vi kjenner han, også vi som aldri har lese boka. Nokre av oss har sett meir eller mindre karikerte film- og teaterversjonar, og underteikna må vedgå at kjennskapen er mest tufta på teikneserieutgåva i Illustrerte Klassikere.
Dei som har lese dei mange hundre sidene frå perm til perm, veit nok meir, men vi andre vert òg fengsla og rørte av denne spinngalne mannen som held så urokkeleg på sitt. For han er no ein godgut.
Elegant tolking
Dramatiseringa til Yngve Sundvor tek oss frå først av litt på senga. Her er det brått ei rammeforteljing om ei ulukke og eit dødsfall kring ei teateroppsetjing av Don Quijote. Det er lagt opp til eit metanivå, der skodespelarar spelar skodespelarar. Vi lurer ei stund på: Er dette eit stykke om Don Quijote – eller eit stykke om eit stykke? Men på finurleg vis fletter rammeforteljinga seg saman med ei elegant vriden tolking av originalhistoria, der dei fleste skodespelarane ganske så saumlaust opptrer på fleire røyndsnivå.
Sjølve columbiegget her er sjølvsagt dobbeltidentiteten til hovudpersonen. Don Quijote har forlese seg på riddarromanar og trur han er riddar. Svein Harry Schöttker-Hauge spelar skodespelaren Trygve, som har levt seg så inn i karakteren Don Quijote at han trur han er han. I eit forrykande vitalt og innlevd samspel med Sancho Panza (Eirik del Barco Soleglad) og Anne E. Kokkin, Jenny Ellegård og Patrik Asplund Stenseth i diverse roller vert vi salig dregne inn i ein galenskap vi berre må verdsetja utan å mukke. Vi vert mest redde for å le, av otte for å glipp av noko.
Overskot
Scenebiletet har òg ein metaeffekt, med ein naken, kald framscene, der eit lite dokketeatervindauge på bakveggen opnar seg og syner dei «ekte» fiktive elementa. Regissør og scenograf skal sjølvsagt ærast som dei bør, men denne gongen lyt vi òg nemne Geir Hovland for lys og Gunnar Innvær for lyd. Effektane er oppsiktsvekkande.
Men til sjuande og sist kviler det meste på Svein Harry Schöttker-Hauge. Dette er ein overskotsprestasjon det luktar både kritikarpris og Hedda-statuett av.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.