Teater
Løyndom + løgn = dramatikk
Mikroteateret leikar snertent på komfortsonegrensa.
Jesper Malm og Vanessa Borgli.
Foto: Agnete Brun
Det er ei velkjent sak at dei fleste menneske har løyndomar. Så lenge vi veit kvar vi har dei, er dei ikkje farlege for korkje oss sjølve eller andre. Det er vel helst når vi fortrenger dei, og prøver late som dei ikkje er der, at dei kan skape problem. For da kan dei brått ta oss på senga. Dette er ein menneskeleg tematikk som alltid har hatt god effekt både på film og scene, heilt frå Kong Ødipus via Hamlet til Et dukkehjem og Den spanske flue.
I stykket Mikroteateret for tida spelar i eit husvære i Gøteborggata i Oslo, møter vi ei gruppe tilsynelatande veltilpassa og godt samansveiste mellomaldrande vener i eit middagsselskap. Vi aner likevel ganske raskt at det knirkar litt i tilhøva her og der, og det er når ein av dei føreslår selskapsleiken «Del mobilmeldingane dine i plenum» at det byrjar å brenne.
Den intime ramma rundt framsyninga, med publikum tett innpå middagsbordet på alle kantar, er sjølvsagt intens, men ikkje ubehageleg for oss som ser på. Nei, tvert om, vi blir med skam å melde ganske så skadefro fluger på veggen.
Dette handlar om personar som gradvis kler av kvarandre psykisk, og dei gjer det med både sinne, redsle og vantru, av og til òg med latter, og dei sju skodespelarane, Vanessa Borgli, Jesper Malm, Espen Sandvik, Rudy Claes, Jonathan Espolin Johnson, Marte Sæteren og Kai Kenneth Hanson, held fast på situasjonane i eit imponerande konsentrert samspel.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.