Litt samanpressa, men enno med nerve
Bernsteins tidlause musikaltragedie rører oss framleis.
Dansenummera er talentoppvising på høgt nivå, meiner Bent Kvalvik.
Foto: Tovita Razzi
Chateau Neuf (Taran & Starworks)
Leonard Bernstein, Arthur Laurents og Stephen Sondheim:
West Side Story
Omsett av Johan Osuldsen
Revidert manus og songtekstar: Christian Ranke
Regi: Mattias Carlsson
Koreografi: Belinda Braza
Musiklsk ansvarleg: Petter Kragstad
Scenografi: Takis
Nyoppsetjinga på Chateau Neuf av den i si tid banebrytande musikalen West Side Story rakk å ha premiere i fjor haust, men måtte naturleg nok stenge etter ganske kort tid. No har han fått sjansen til å bli spelt over eit lengre tidsrom. Når den nye filmversjonen av same musikalen samstundes vert lansert på norsk kino, får sjølvsagt heile sujettet ein ekstra aktualitet. Filmen har vi enno ikkje sett, men vi har iallfall lese oss til at han tek den etniske bakgrunnen til personane meir på alvor enn den gamle filmversjonen gjorde.
Kjærleiksdrama
I ein vanleg sceneversjon, også her i Noreg, kan ein sjølvsagt ikkje vente at skodespelarane skal vere halvt om halvt kvite amerikanarar og puertoricanarar. Sceneestetikken har andre lovar enn filmen. Likevel vert det ekstra påfallande, med den nye filmen i medvitet, at nyoppsetjinga på Chateau Neuf har nytta gjennomført blind casting.
Her er det ikkje på utsjånaden vi kan sjå kven som høyrer til kva for gjeng. Lat gå, teaterensembla er i utgangspunktet ikkje sette saman etter hudfarge, korkje her eller i utlandet. Og når vi først går med på det, fungerer det heilt greitt, sjølv i eit raseorientert teaterstykke.
For West Side Story er jo først og fremst eit kjærleiksdrama, plassert i ei cirka notidig tidsramme, men med tydeleg attendepeiking mot Romeo og Julie. Det er ein djupt alvorleg, men samstundes feiande festleg musikal, med medrivande danseopptrinn og nokre herlege eviggrøne melodiar.
Noko komprimert
Oppsetjinga på Chateau Neuf, med 105 minutt utan pause, verkar noko komprimert og forenkla i høve til det vi har sett før av andre versjonar. Det merkar ein både på det scenografiske, som er effektivt, men ikkje veldig miljøskapande, og på sjølve handlinga, som trass i mykje ærleg spel går i vel høgt tempo, både med omsyn til Tony og Marias forelsking og når det gjeld alle dei dramatiske hendingane i omkrinsen deira.
Reint bortsett frå det er dei store rollene i gode hender, først og fremst hjå Sondrey som Tony, Astrid Giske som Maria og Anette A. Larsen som Anita. Ikkje minst songleg får dei full utteljing, trass i at Marias einaste solonummer, «I Feel Pretty», er stroke denne gongen. (Kvifor?) Ensemblet består hovudsakleg av unge og relativt ferske namn, men i viktige dramatiske situasjonar gjev veteranar som Anders Hatlo og Annette Hoff framsyninga ei tyngd som driv handlinga kraftfullt vidare.
Dansenummera har nærast hypnotisk kraft når dei tek scenerommet i eige. Her er det talentoppvising på høgt nivå. Og elles: Leonard Bernsteins musikk skuffar aldri!
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.
Foto: Trond A. Isaksen
Singel og sanatorium
Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.
Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.
Foto: Stord vgs
Kampen om kunstfaga
Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.
Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.
Foto: Per Anders Todal
Fiskar er fiskar verst
Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.
Mannsutvalet saman med kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffery under overrekkinga av rapporten.
Foto: Ole Berg-Rusten
Vil avlive likestillingsmytar
Forskar Mari Teigen ønskjer seg ein kjønnsdebatt bygd på kunnskap.
Statsministeren i Storbritannia, Rishi Sunak, har varsla at dei fyrste flya mot Rwanda skal vere i lufta løpet av ti til tolv veker.
Foto: Toby Melville / Reuters / NTB
Vil nytte Rwanda
som asylskremsel
Den som prøver å ta seg til Storbritannia med båt over Den engelske kanalen for å søkje asyl, risikerer i framtida å verte sett på eit fly til Rwanda utan høve til å returnere.