Lars von Trier for skjemt
Den mangesidige filmklassikaren vert flat komedie på teater.
Henrik Mestad (på kne) gjestar teateret som svenske Helmer i framsyninga på Oslo Nye Centralteatret.
Foto: Lars Opstad
Oslo Nye Centralteatret
Lars von Trier og Niels Vørsel:
Riket
Bearbeidd for scene av Nicolei Faber, for Oslo Nye Teater av Kasper Wilton
Omsett av Kristoffer Grønskag
Omsetjing/bearbeiding: Kasper Wilton
Scenografi/kostyme: Camilla Bjørnvad
Ein kan godt undre seg over dette nye fenomenet at ein så gjerne vil gjere teaterversjonar av filmklassikarar. I gamle dagar var det gjerne omvendt. Viss eit skodespel gjorde stor lukke på teateret, vart det gjerne til film etterpå. Kvifor no det stikk motsette?
Forklaringa er vel eigentleg heller enkel. Teateret, som før var den toneangivande leverandøren av dramatikk, har i dag ein tapt posisjon dei må prøve å gjenerobre. Da må dei gripe til filmtitlar for å vere oppdaterte og aktuelle.
Vi har sett døme på at dette kan gå både bra og dårleg. Vinterens to døme i Oslo, Ingmar Bergmans Jordbærstedet og no Lars von Tries Riket, er ikkje dei mest overtydande prova på at dette blir ideelt teater. Filmmediet har i alt vesentleg ein fri flukt over seg som teateret aldri kan halde tritt med. Det gode teaterstykket fortel på ein heilt annan måte. Det veit vi, alle vi som er glade i både teater og film.
Den forunderleg fascinerande filmen (og TV-serien) Riket av Lars von Trier var på 90-talet, både visuelt og innhaldsmessig, ein overveldande cocktail av grøssar, tragedie, komedie og fantasy. Vi måtte både skrike av lått og stundvis halde oss for auge og øyre av di det var så ekkelt og nifst. Og det mest pirrande var sjølvsagt at vi fekk ei historie frå eit rikshospital, rasjonalitetens høgborg, der det krydde av skrømt, demonar, synske personar og korrupte autoritetar.
Teaterversjonen av dette sujettet, som er økonomisk fortetta og forkorta i høve til originalversjonen, gjer heiderlege forsøk på å attskape miljø og stemning frå det vi såg den gongen. Forsøka strandar likevel i mangelen på brukbare effektar, som kan stadfeste det som vert påstått frå personane i stykket. Ein replikk som til dømes «Eg har grunn til å tru at du er eit spøkelse», var i filmen rimeleg av di den tiltalte personen faktisk var gjennomsiktig. Det er ho ikkje her, og den som seier det, verkar da berre forstyrra. Og kvifor skal den melaninrike sjukepleiaren frå Haiti verte spela av ein kritkvit nordmann? (Er ikkje dette det motsette av politisk korrekt?)
Men det største problemet med framsyninga er at det vert køyrt hardt på reinspikka komedie. Slik vert dei overnaturlege og tragiske handlingselementa berre forstyrrande og nærast smaklause. Og slik påverkar det òg den energiske innsatsen til Oslo Nyes røynde komedieaktørar. Det vert sjeldan eller aldri heilt morosamt. Dei scenografiske løysingane er for så vidt miljøskapande nok, men heller ikkje dei kan dekke over at dette eigentleg høyrer heime på film. Og den mørke djupna i stoffet som bergtok oss den gongen, er rett og slett ikkje til stades.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.
Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.
Foto: Per Anders Todal
Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha
Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.