Teater

Kven elskar kven – og kva så?

Thesbiteateret byr på sjarmerande gjøgling, men litt lite poesi.

Skodespelarensemblet vantar ikkje energi og komikk.
Skodespelarensemblet vantar ikkje energi og komikk.
Publisert

Det idealistisk drivne Thesbiteateret i Tønsberg har etter kvart ein mangeårig tradisjon med frodige, leikne og til dels originale sommaroppsetjingar av Shakespeare-stykke. Dei spelar alltid i det såkalla Thaulowhullet like utanfor sentrum av byen, midt i skogen. I år har dei satsa på den velkjende komedien Twelfth night, som til vanleg heiter Helligtrekongersaften i norsk versjon. Thesbiteateret kallar stykket 13. dag – eller hva som helst. Originaltittelen er ikkje meint å hinte til bibelhistorie og vise menn, men er rett og slett oppkalla etter ein høgtidsdag, av di stykket skulle ha urpremiere som ei festhending i juletida – difor undertittelen «eller hva som helst».

Morospel

Det spennande og vanskelege med Shakespeares komediar er at dei byr på komiske forviklingar og breibeint gjøgling side om side med skjør poesi og einsam sorg. Pendelen kan svinge båe vegar når ein spelar dei, og det same stykket kan fortone seg som komedie og tragedie alt etter kva ein vektlegg. Thesbiteateret har heilt klårt valt den glade og muntre vinklinga. Dei gjer det med plastisk eleganse og høgt humør, og dei krydrar handlinga med moderne songnummer som det svingar stort av. Reint tekstleg formidlar dei òg godt, men det er ikkje til å kome forbi at ein del poesi går tapt, særleg i kjærleikserklæringane, når hovudærendet er å levere morospel.

Regissøren har lagt opp til ein direkte og appellerande spelestil som aldri vert «påtrengjande teater», vi får kontakt med dei opptredande på ein sympatisk måte. Scenografien er fundert på stolpar og golv i treverk og gir i dagens teateruttrykk eit diskret hint til det opphavlege Shakespeare-teateret.

Rollefordeling

Når det gjeld skodespelarensemblet elles, skortar det som sagt ikkje på energi og komikk, men rollefordelinga er ikkje heile tida lagt opp slik at vi kan tru på dei romantiske og erotiske strøymingane. Det er òg vanskeleg å sjå det kunstnarlege poenget i å la figurane Tobias og Malvolio verte spela av kvinner. Til dømes tenaren Malvolio, som hjå Shakespeare er ein narraktig, snobbete, mellomaldrande mann, misser mykje av det låttelege vesenet når han er framstilt av ei smellvakker ung kvinne, Ingeborg Engø. Både ho og Marit Simonsen som Tobias gjer glimrande arbeid, men det er heile tida i kamp mot truverdets vindmølle. Av dei andre på scena er det nok mest Madeleine Barosen Herholdt som Viola, Geir Johnson som Fabian og Tiril Engelstad som Olivia som best kombinerer Shakespeares tidløyse med eit levande teateruttrykk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement