Teater
Kvasimiljø og kvasimusikk
Ullent dansk harrydrama finn aldri retninga.
Håkon Moe, Ameli Isungset Agbota, Bjørn Willberg Andersen og Monica Hjelle spelar gitaristane.
Foto: Den Nationale Scene
Den danske dramatikaren Line Knutzon har gjeve grokraft til mange originale teaterhendingar dei siste 20 åra.
Stykket Gitaristene, som Den Nationale Scene no speler, søker å gi eit innblikk i eit litt slite musikarunivers.
Arrogant haldning
Diverre klarer korkje teksten eller framføringa å formidle noko truverdig. Ein får faktisk kjensla av ei arrogant haldning til eit visst miljø og ei viss musikkform. Karakterane er flate og klisjéaktige, og låtane dei syng, verkar som vondsinna parodiar på heimesnikra nachspielviser. Det er nok meininga vi skal le, men det er ikkje morosamt i seg sjølv at ein song er dårleg. Nei og atter nei!
Dette er ikkje dei fire skodespelarane si skuld. Alle syng og trakterer gitarane riktig så bra, og dei gjer mange heiderlege forsøk på ærleg og ekte skodespel. Men finst det nokon skodespelarar i verda som kunne berge dette? Eg trur ikkje det.
God idé
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.