Teater
Kva er sanning på ei scene?
Bjarte Tjøstheim er elskeleg, men noko tvitydig i alvorleg standup.
Bjarte Tjøstheim har sceneskrekk, men står på scena som seg sjølv.
Foto: Siren Høyland Sæter
Den sjølvbiografiske soloteaterhendinga har gjennom dei siste fire–fem åra vorte ei særs populær og seljeleg vare. Ho har sjølvsagt utspring i standupsjangeren, som vel fekk det endelege gjennombrotet i Noreg i 90-åra: Ein einsleg person held eit tilsynelatande improvisert soloshow, og det skal like tilsynelatande vere sjølvbiografisk og sant, jamleg ispedd vitsar. Det skal først og fremst vere morosamt. Det som no går føre seg i norsk teater, er at ein (som regel) kjend person, ein kombinert komikar og skodespelar, skal fortelje om dei mørkare sidene i livshistoria si. Men pilla skal framleis sukrast med humor. I denne forma har mellom andre personar som Else Kåss Furuseth, Rune Andersen, Trine Lise Olsen, Jon Arne Arnseth og Morten Joachim både sjarmert og rørt publikum i fleire sesongar. Mykje verdifullt er gjort på dette feltet. Men det er alltid ein fare for at ein sjanger kan verte føreseieleg.
Skuggesida av livet
Bjarte Tjøstheim har vunne mange hjarte med smålåten, skrå humor både på film, i radio og på TV. Han har ein personlegdom som er umogleg ikkje å vere svak for. Når han denne gongen opptrer som seg sjølv, for første gong på teater, er det for å gi eit vitnemål om skuggesida av livet sitt: angsten. Dels gjennom anekdotar, dels i psykodramatiske sketsjar fortel han om stendig attvendande kjenslekortslutningar som har lamma privatlivet hans – og det profesjonelle livet. Her er det mange sterke innblikk, og vi får sjølvsagt hjarteskjerande medynk med ein mann som har vore, og er, så sjenerøs som artist. Men merkeleg nok får vi aldri noko djupdykk i kva som er årsak til psykisk angst, og heller ikkje korleis han eigentleg artar seg. Vi får berre ei rekke døme på kva angsten kan føre til. Og det er kan hende nett prisen han sjølv må betale for at han først og fremst er komikar, og at det er komikaren publikum vil sjå og le av.
Sceneskrekk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.