Kraftfull legendemusikal
No klassisk Don Quixote-musikal treffer godt musikalsk, men veiknar litt i innhald.
Opera Nordfjord gjesta Den Norske Opera & Ballett denne veka.
Foto: Øystein Torheim
Opera Nordfjord / Gjestespel i Den Norske Opera & Ballett:
Dale Wasserman / Mitch Leigh / Joe Darion:
Mannen frå La Mancha
Omsett av Hartvig Kiran
Regi: Aksel-Otto Bull
Scenografi/kostymedesign: Åse Hegrenes
Musikalsk leiing: Michael Pavelich
Heddadagene i Oslo, som presenterer utvalde gullkorn frå seinaste norske teatersesongar, har den siste veka gjeve oss eit gjensyn med Mannen frå La Mancha, i Opera Nordfjords oppsetjing frå 2020.
Den opphavleg populære Broadway-musikalen har gått to gonger på Det Norske Teatret, fyrste gongen i 1970 med Lasse Kolstad og Rolf Just Nilsen i svært minneverdige hovudroller. Den sjarmerande og rørande historia etter urromanen til Miguel de Cervantes har heilt klårt ein usliteleg appell, og musikalvarianten er spenstig vidareført for eit nytt publikum av Opera Nordfjord.
Sjanger i endring
Musikalforma er rett nok ein sjanger i utvikling og endring, og kan hende synest vi ikkje nett denne musikalen har like tidlaus og sjølvstendig karakter som andre 60-talsklassikarar, til dømes Cabaret og Spelemann på taket. Men han har sine gylne augneblinkar, og eit par av melodiane heng framleis godt i øyret.
I korte trekk handlar jo romanen og musikalen om ein idealistisk galning, eller ein galen idealist. Her er det ein mann som heilt bokstaveleg trur han kan kjempe mot vindmøller, og at han ved å sjå det reine i det skitne og det vakre i det stygge kan nedkjempe all krig og vondskap. Han elskar ei fattig lågklassekvinne med ein rein kjærleik, og han har sitt usvikeleg trufaste følgje i tenaren Sancho Panza. Mykje rart, vakkert og brutalt går føre seg i dette forteljaruniverset, som òg har ei ytre rammeforteljing om Cervantes’ sjølv, i ei tøff knipe overfor ein inkvisisjon.
Oppsetjinga frå Opera Nordfjord har eit framifrå orkester og eit handplukka ensemble som godt kan ende fordomen om at operasongarar, som dei fleste av dei er, ikkje kan spele «vanleg» teater. Espen Langvik (Don Quixote), Jan Erik Fillan (Sancho Panza), Eli Kristin-Hanssveen (Aldonza) og ja, dei alle, har både i spel og i imponerande nyanserik røystbruk full dekning for rollene, og dei gjer eit muskuløst fellesløft i same retning med omsyn til stemning og stadkjensle.
Ein smule datert
Samstundes må det vedgåast at noko i det musikalske uttrykket, og den lett fragmentariske dramaturgien, verkar ein smule datert – og gir ei kjensle av at dette nok har gripe sterkare for femti år sidan. Oppsummert er det likevel viktigast å seie at det innsatsmessige er gullkanta. Og songen om den fåfengde draumen kjem til å rulle og gå i minst femti år til.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.