Teater

Kraftfull innsats i bagatell

Agnes Ravatns instruksjonsbok heller mot pretensiøst teater, men er framleis vittig.

Kjersti Aas Stenby framfører monologen på Det Norske Teatret.
Kjersti Aas Stenby framfører monologen på Det Norske Teatret.
Publisert

Boka til Agnes Ravatn om den maktstelande digitale folkesjuka har vore eit velretta spark til det moderne kvardagsmennesket, eit tiltrengt korrektiv for nokon kvar av oss. Boka er jo faktisk artiklar frå Dag og Tid, og det er det grunn til å vere nøgd med. Mange lurte nok på korleis ei slik bok, eigentleg eit foredrag i bokform, kunne bli teater, i utgangspunktet heilt utan episk handling og dramatisk effekt.

Framsyninga som no går på Det Norske Teatret, har òg hatt ein trong fødsel. Tre veker før premieren heiv både regissør og opphavleg skodespelar inn handduken. Ingrid Weme Nilsen, som hadde dramatisert boka, tok over regien, og den unge Kjersti Aas Stenby overtok skodespelarjobben. For dette er, naturleg nok, eit monologstykke.

Tredelt

Framsyninga er tredelt, og vi får vite at det er vitskapleg prova at arbeids- og konsentrasjonsevna vår er best i berre 25 minutt om gongen. Difor får vi fem minutt pause to gonger i framsyninga, båe gonger etter 25 minutt. Og da får vi lov, seier kvinna på scena, å leike så mykje vi vil med mobilane våre. I fyrste delen er ho (Stenby) mest autoritært læraraktig, der ho kjem med monsterhanskar på hendene (for at ho ikkje skal taste på noko) og elles heilt vanlege klede, medan scenebakgrunnen er eit slags drivhusaktig planterike, stikkord natur kontra kultur. I andre delen finn ho seg i eit stoveinteriør der det bognar av freistingar og distraksjonselement som ho sjølvsagt vert overstyrt av, samstundes som ho framleis føreles frenetisk om det viktige i å sjølvstyre seg. I tredje og siste delen opptrer ho pantomimisk, medan filosofen Senecas brev om sjølvkontroll kjem i brokkar på bakveggen.

Uttrykksfullt talent

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement