Teater
Komprimert flyktningdrama
Ein avbroten teaterproduksjon kjem att i heftige høyrespelglimt.
Petronella Barker spelar mor i lyddramaet.
Foto: Øyvind Eide
I mars i fjor skulle Nationaltheatret hatt premiere på husdramatikaren Kathrine Nedrejords drama Vi hjemløse. Stykket er ei historie om ein familie på flukt frå turbulente heimetilhøve til Noreg og eit liv som er mindre farleg, men like vanskeleg.
Som lyddrama, lansert på nett førre veke, er stykket kokt inn til eit tjue minutts høyrebilete. Utan å ha lese originalteksten er det ikkje lett å vurdere kva som er tapt, og kva som er teke vare på. Det er morsfiguren, spela av Petronella Barker, som markerer seg sterkast. Det går ikkje bra med henne, men ho er òg den som kjempar dei hardaste kampane.
Dei konkrete konfliktane ho går laus på, vert skarpt og fint formidla slik vi høyrer det, men ut frå omtalen av Nedrejords stykke på heimesida til teateret, får vi vite at denne kvinna går frå ein djerv bastionposisjon i det krigsherja heimlandet til ei passivisert, hjelpelaus stilling i Noreg. På merkeleg vis hadde ho det betre i krigen. Det er eit fascinerande tankekors som ikkje kjem like godt fram i lyddramaversjonen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.