Teater

Komprimert Bergman

Scene 3 gjev ei pikant skråvinkling til filmatisk meisterverk.

Gjertrud Jynge (t.h.) spelar den stumme Elisabeth Vogler, Kjersti Dalseide spelar sjukepleiaren Alma, her med kjærasten, spela av Oddgeir Thune.
Gjertrud Jynge (t.h.) spelar den stumme Elisabeth Vogler, Kjersti Dalseide spelar sjukepleiaren Alma, her med kjærasten, spela av Oddgeir Thune.
Publisert

Filmen Persona frå 1966 er eit av dei absolutte høgdepunkta i Ingmar Bergmans filmkarriere. Sjeldan har vel meisteren stadfesta tydelegare enn her kor originalt og suggererande han kombinerer biletspråk, skodespelarkunst og tekst. Det er ei historie om to kvinner som møtest og må vere i lag ei tid, under særskilde omstende. Den først umoglege kommunikasjonen mellom dei utviklar seg til eit nevrotisk skiftande statustilhøve, medan dei etter kvart, i eit grenseland mellom draum og røynd, ser ut til å bytelåne personlegdom. Den eine er skodespelar, med diagnosen stum på grunn av ei psykiatrisk krise, den andre er ung sjukepleiar.

Visuell nyanserikdom

I motsetning til filmen, som lèt tilhøvet mellom dei to verte skildra i vekslande interiør og eksteriør, og med vekslande realistisk og surrealistisk fotografering, er teaterversjonen på Det Norske Teatret konsentrert til eit lite, klaustrofobisk, kvitt rom, mest like lite som eit prøverom eller ein passfotoboks.

Her kan den mystiske historia om desse to berre spelast ut andlet til andlet med kvarandre – og med oss. Det teaterversjonen taper i visuell nyanserikdom, tek han langt på veg att i speleintensitet. Ikkje at det overgår filmen, men det er eit annleis spel, spissare og kvassare i kantane, meir ukomfortabelt å sjå på.

Det kan nok seiast mykje om kva Persona eigentleg fortel om; det er ikkje noko eintydig svar. Det mest nærliggande er vel å sjå det som ei avsløring av kunstnarens nådelause distansering til det verkelege livet, den lett kyniske observasjonstrongen ein held seg med til eige bruk åleine. I alle høve lèt det til at Gjertrud Jynge, som den stumme Elisabeth, er i ein slik posisjon, ho er ein kjøligare og meir kalkulerande karakter enn Liv Ullmann i filmen. På andre sida er Kjersti Dalseide endå meir hudlaus og sårbar enn Bibi Anderssons Alma var.

Samansmelting

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement