Teater

Knallsterkt strøymt samtidsapropos

Det visjonære samtidsstykket Den kvite pesten kjem att som eit knyttneveslag.

Morten Svartveit spelar dokter Galén.
Morten Svartveit spelar dokter Galén.
Publisert

Kven skulle trudd at vi i desse dagar skulle få oppleve ei av dei sterkaste teaterhendingane på lange, lange tider, og på vår eigen heime-PC? Det Norske Teatret og Peer Perez Øian har vore vakne nok til å hente fram stykket til den framsynte tsjekkiske Karel Capek, Den kvite pesten, eit stykke som alt i 1937 vart henta til Noreg og Det Norske Teatret.

I beste sci-fi-form fortel denne teksten om korleis samfunnet handterer ein ukontrollerbar sjukdom. Ein medisinsk vitskapsmann har funne ein kur, men vil førebels berre hjelpe dei fattige. Han er pasifist og lækjer ikkje makthavarane og dei som skor seg på krigen – ikkje før dei legg våpena ned. Eit skarpare bilete på vår eiga tids makt og avmakt kunne vi vel neppe få.

Det vi fekk sjå via strøyming 12. mai, vart annonsert som ei dramalesing, altså ikkje ei ferdig framsyning. Eit stunt. Men viss dette var eit stunt, burde norsk teater berre stunte meir, både med omsyn til speleprestasjonar, sjølv med manus, og i musikk-, rekvisitt- og biletbruk, vart vi dregne inn i dette teatrale katastrofeområdet frå første stund.

Vi rikka oss ikkje frå PC-en og sofaen i to timar og eit kvarter.

At alle teatereffektane er provisoriske, og at skodespelarane stundom, tilsynelatande, vert distraherte, gjer faktisk berre innlevinga betre og temperaturen endå høgare.

Vi ler ikkje av at Oddgeir Thune, som den krakilske professor Sigelius, mister lausbarten, og det er heilt som det skal vere at rekvisitøren kjem inn og klistrar sjukebyllen på halsen til Niklas Gundersen og Ingrid Jørgensen Dragland. Ekstra imponerande er det at det i ei slik oppsetjing også er rom for det komplekse. Her er ikkje personskildringane svartkvite, heller ikkje «helten», dokter Galén, intenst framstilt av Morten Svartveit.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement