Teater
Klok og dum er menneskesjela
Tsjekhov-tolking set nærlys på innsikt kontra handlingslamming.
Franske Laurent Chétouane har regissert framsyninga på Kilden i Kristiansand.
Foto: Kjartan Bjelland
Skodespela til Anton Tsjekhov får ein bra kjennskap til etter nokre år som teatergjengar. Dei er på repertoaret kvar einaste sesong verda over. Kirsebærhaven gjekk i Oslo sist i 2017 og 2020. Oppsetjinga som no har hatt premiere i Kristiansand, er såleis den tredje denne meldaren skriv om på få år.
Er det så, skal vi tru, at dette Tsjekhov-stykket er det mest aktuelle for vår tid? Det kan tenkast. Denne ferskaste versjonen gjev i alle høve ein ettertenksam nærstudie av den evige kampen mellom intellekt og kjensle. Vi vert endå ein gong minte om kor stussleg livet kan verte når vi veit kva som er det rette å gjere, men likevel må gjere det galne.
Naturleg pust
Den franske regissøren Chétouane har ein rikhaldig CV på klassikaroppsetjingar. Han er heilt tydeleg meir pietetsfull overfor dramatikarane enn ein gjerne elles er i norsk teater for tida. Det er faktisk frigjerande å registrere at dialogane kjem nære på uavkorta og i sitt opphavlege, bokstavlege innhald. Rett nok vert det då ein lang teaterkveld, for her hastar ein heller ikkje av garde. Men pausane hjå Tsjekhov er òg viktige. Det gjev dramatikken ein naturleg pust.
Scenografien er spartansk antydande. Her kjem jamvel ein mann med manus fram på scenekanten og les opp scenetilvisingane før kvar akt. Og sjølv om rekvisitørane kjem synleg inn og ordnar mellom aktene, går det raude velurteppet fornemt ned og opp mellom kvart aktskifte.
Kostymevala ligg òg i ein kombinasjon av det kontemporært daglegdagse og det tidlaust stivpynta. Her er ikkje gjort noko forsøk på å demokratisere vekk statusskilnadene. Det er heile tida eit moderne uttrykk med hint til svunnen tid, vaklande overklasse og dekadanse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.