Teater
Klaustrofobisk klassikartolking fengslar – trass i alt
Raskolnikov er ein eldprøve for både tilskodarar og aktørar.
Preben Hodneland spelar Raskolnikov.
Foto: Dag Jenssen
Det er mest urovekkjande å tenkje på kor aktuell romanen Brotsverk og straff frå 1866 er i vår tid, til og med i vesle Noreg. Det er historia om å gå over lik for ein idé, og den pinefulle sjelereisa ein ung mann må gjennom for å erkjenne følgjene av det han har gjort. Kva som har hendt her i landet nyleg, veit vi jo alle, stikkord: moské, men Dostojevskijs verk har faktisk halde seg høgt oppe og langt framme i alle dei 150 åra sidan det kom. Sceneversjonen på Det Norske Teatret er hard å sitje gjennom, men han er møda verd.
Djervt og drygt
Kjersti Horn har gjort mange djerve og til dels dryge grep på klassikarane, alt frå Richard III til Reisen til julestjernen. Resultata har vore både elska og hata. Ei fem timars framsyning utan pause, og på storskjerm, høyrdest avskrekkande ut på førehand. Ei stund har vi vel så pass otte over kor vidt vi skal halde det ut, at det går litt ut over konsentrasjonen. Men baren på Scene 3 er open heile tida, og når ein får tresmak av å sitje i amfiet, kan ein faktisk gå og setje seg og sjå på ein litt mindre skjerm i baren, så lenge ein vil. Det hjelper.
Men som sagt, denne framsyninga vert formidla berre via skjerm. Skodespelarane er ikkje på scena, men rører seg i teaterets indre gemakk, som i korridorar, på toalett og på pauserom, følgde av handhalde kamera. Noka realistisk miljøskildring er det difor ikkje tale om, og skodespelarane, hovudpersonen unnateke, spelar mange ulike roller med svært enkle, mest karnevalsaktige omkledingar. Det er på eit vis i grenselandet mellom «vanleg» teater og forteljarteater, men alle tek rollene på ramme alvor, og på ramme humor når det trengst. Her er aldri snakk om å spele mot teksten og ironisere.
klaustrofobisk
I denne kaotiske og klaustrofobiske innpakkinga er regi- og scenografiarbeidet imponerande, og her er skodespelarar som står på i hundre og held oss fast i time etter time. Hovudtyngda ligg sjølvsagt på den evnerike Preben Hodneland, som i tittelrolla byr på ein intensitet og ei kjensleutblåsing ein knapt har sett maken til. Han er så å seie ikkje ute av biletet heile kvelden til ende, og gjer dermed eit arbeid ein skulle meine grenser til det helsefarlege.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.