Kjønnskamp i kvitauget
Strindberg-klassikaren er stram i forma, men favoriserer mennene.
Svein Roger Karlsen i hovudrolla som rittmeisteren. Kirsti Stubø spelar kona Laura.
Foto: Pernille Sandberg
Det Norske Teatret, Scene 2
August Strindberg:
Faderen
Omsett av Kristin Sørsdal
Regi: Eirik Stubø
Scenografi og kostymedesign: Erlend Birkeland
August Strindberg var sjølve kontrasten til samtidige Henrik Ibsen når det galdt å dikte om tilhøvet mellom menn og kvinner. Trass i at dei eigentleg båe skreiv om kvinner som triumferte over menn, var det hjå Ibsen aldri mannen som gjekk av med medynk og sympati.
Det er det til gagns hjå Strindberg, og ikkje minst i det såkalla sørgjespelet Faderen, som har synt seg å engasjere om att og om att, tvers gjennom samfunnsutviklinga som har gjort Skandinavia til ein av verdas mest likestilte arenaer.
Stykket har gjerne vore lese som antifeministisk, men det loddar sjølvsagt djupare enn som så. Det er òg historia om eit kjærleiksforhold som er øydelagt i mistillit. I eit nøtteskal vert det til: Korleis kan to halde saman som ikkje lit på kvarandre? I dette tilfellet går den eine parten til grunne, og det er mannen.
Markant problem
Eirik Stubø har ein regiprofil mest like karakteristisk gjenkjenneleg som ein teiknar eller skulptør. Han skjer gjerne klassikarane inn til beinet, ofte lågmælt, nøkternt spel utan uttrykkeleg emosjon, og nærast stilisert visuelt uttrykk. Nokre gonger får dette fjetrande resultat, men ikkje alltid. I oppsetjinga hans av Faderen er det både og: Her er det augneblinkar det gneistrar av, men òg passasjar som går over i det anonyme.
Det mest markante problemet med framsyninga er problemet Stubø deler med dei fleste som set opp klassikarar i norsk teater: Ein er redd for det museale preget ved å la stykket gå føre seg i si eiga samtid, og så må ein flytte det til vår tid. Men sjølv om dei menneskelege konfliktane kan oppstå også i dag, finst det ytre statustilhøve ved personane i gamle stykke som ikkje lèt seg plassere i 2022.
Vi har pastorar og lækjarar i vår tid òg, men dei har ikkje slike sosiale posisjonar som den gongen. Ammer som har avansert til hushjelper, finst det garantert ikkje lenger. Og ein rittmeister veit vi vel knapt nok kva er.
Ei sjel i oppløysing
Faktisk er det kvinnerollene denne tidløysa på scenen går mest ut over. Kirsti Stubø som hustrua Laura har heilt på plass den kalde kynismen i kampen mot mannen, og ho gjer det med ein var, undertrykt sensualitet under yta. Likevel vert det etter kvart usannsynleg at ei så kul og moderne kvinne kan vere plassert i eit slikt liv.
Gina Bernhoft Gørvell som dottera Bertha lir under den minimalistiske regien ved at ho ikkje får synt fortviling, men mest berre resignasjon. Og Britt Langlie, som i notidig apparisjon ser altfor ung ut til å vere ein mellomaldrande manns gamle pleiemor, får heller ikkje tatt merkbart ut av det såre ved å måtte øve vald på mennesket ho er så glad i. Tvangstrøyescena i siste akt er eit høgdepunkt i verdsdramatikken. Vi må vedgå at vi har sett det meir gripande før.
Til sjuande og sist er det fortrinnsvis Svein Roger Karlsen i tittelrolla som gjer dette til ein kraftfull teaterkveld. Men denne rolla går det heller ikkje an å minimalisere vekk kjensleutbrota på. Både i duellane med kona og i dei forklårande scenene med dokteren og presten, sympatisk framstilt av Svein Tindberg og Lasse Kolsrud, får vi langsamt og faretruande fram biletet av ei menneskesjel i oppløysing. I desse sekvensane er det òg Stubøs stramme, stringente regi får best utteljing, ikkje minst der tomannsdialogane skjer på lang avstand frå den eine til den andre. Da skjerpar vi augo og spissar øyro. Og det dirrar i lufta.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.