Kjærleiksinferno i full mundur
Ein styggvakker sceneversjon av Bergman-klassikaren Scener ur ett äktenskap går til hjarta.
Alle biroller er tekne vekk i framsyninga på Rogaland Teater. Ekteparet vert spelt av Nina Ellen Ødegaard og Anders Dale.
Foto: Stig Håvard Dirdal
Rogaland Teater
Ingmar Bergman:
Scener fra et ekteskap
Omsett og omarbeidd av Arne Lygre
Regi: Kjersti Horn
Scenografi og kostyme:
Sven Haraldsson
Det kan gå i mange retningar, på godt og vondt, når ein vil lage teater av noko som opphavleg var film eller TV. Ingmar Bergmans seks episodar lange TV-serie Scener ur ett äktenskap slo hardt ned i skandinaviske TV-skjermar i 70-åra, og den i ettertid nedredigerte kinoversjonen vart ein internasjonal triumf. I sceneversjonen som no går på Rogaland Teater, er alle bipersonane strokne frå rollelista. Vi kjem tett på dei to gifte, Marianne og Johan, i ein serie avgjerande samtalar mellom dei. Noko av løyndomen ved genialiteten til Bergman var nok at han var like sterk i biletbruk som i dialog. Det kan ein òg godt merke i denne teaterhendinga. Det er ei framsyning som har sin eigen karakter, men samstundes er fullt ut Bergman.
Tett på
I den direkte og pågåande regiløysinga til Kjersti Horn er mest heile stykket følgt opp av to kameraførarar, så vi ser nærbilete av personane på storskjerm på bakveggen, samstundes som vi ser dei på normal avstand, i ulike vinklar, på scenen. Det er eit moderne teatertriks som ofte kan verke distanserande, men her verkar det tvert om intimiserande. Ein kjem så tett på menneska og konfliktane deira at ein mest får ei flau kikkarkjensle. Og likevel, trass i at dette på mange vis er ei banal og velkjend kjærleiks- og ekteskapshistorie, vert vi så oppslukte at vi knapt kjenner det går to og ein halv time utan pause.
Det aller meste kviler sjølvsagt på skodespelarane. Sjølv om ein aldri så godt hugsar Liv Ullmann og Erland Josephson i dei kan hende sterkaste rollene dei nokon gong gjorde, er det ingen fare for at Nina Ellen Ødegaard og Anders Dale skal bleikne i samanlikning. I eit skodespel vil alltid personane vere meir veltalande enn dei er i røynda. Det er og blir den største utfordringa ved all klassisk forma dramatikk.
Ekte
Difor er det ekstra fascinerande kor kvardagslege og «verkelege» Ødegaard og Dale klarar å vere, sjølv i dei mest oppheta kjenslesekvensane. Her er det store djup av svik, vonbrot og vonløyse som ein må sjå ned i, og den paradoksale sluttscenen, der Johan og Marianne møtest att som hemmelege elskarar etter at dei er skilde, vert den mest hjarteknusande scenen av alle.
Dette var historia om to som elska kvarandre, men ikkje kunne leve saman. Det er fælt, men vakkert.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.
Ein mann med tomlar opp i ruinane i ein forstad sør i Beirut etter at fredsavtalen mellom Hizbollah og Israel vart gjeldande 27. november.
Foto: Mohammed Yassin / Reuters / NTB
Fredsavtale med biverknader
Avtalen mellom Israel og Libanon kan få vidtrekkjande konsekvensar.