Teater
Kjærleik? Vinn eller døy!
Nygamal klassikar får friskt liv på scenen.
Sigurd Sele i rolla som Valmont og Gørild Mauseth som markise de Verteuil.
Foto: John Andre Aasen
Den franske romanen Les liaisons dangereuses er for eit notidig publikum mest kjend via ulike filmversjonar, den mest kjende av dei er den med Glenn Close frå 1988, som byggjer direkte på Christopher Hamptons teaterversjon. Maktspelet og den perverterte erotikken som her vert skildra i 1700-talets dekadente Frankrike, det er sjølvsagt både eit tilbakeblikk på ei tid som gjekk or ledd, og eit varsel for samtida. Forfengelegskap og egoisme kan øydeleggje samfunnet så vel som individet, då som no.
Nordland Teater har no henta fram att dette veldreidde skodespelet frå 1985, og verknaden er frapperande, sjølv for dei av oss som hugsar historia frå før. I historisk overtydande og staselege kostyme, mot eit elegant stilisert scenebilete, møter vi att dette fascinerande persongalleriet, der det jomfruelege møter det røynde, det sårbare møter det kyniske, og muntre komediereplikkar ligg som pynt over avgrunnar av tragedie.
Tvitydig vippepunkt
Hjernen bak intrigane, den vidløftige markise de Verteuil, er i Gørild Mauseth heile tida på eit tvitydig vippepunkt. Vakkert og løyndomsfullt lèt ho oss aldri vite om den destruktive lidenskapen hennar kjem frå desperat kjærleik eller pur vondskap. Ein suveren rollestudie gjer òg Sigurd Sele som den uimotståelege, sleskt overtalande Valmont. Her er både replikk og temperament så overtydande at vi mest vert forførte i salen òg. Og når han endeleg fell for eigne våpen, skjøner vi kvifor han ikkje vil leve. Her kjem det ein kjærleik til han som han ikkje har livsmot til å ta til seg. Då må han berre døy.
Fine riss
Ensemblet elles følgjer opp med fine riss av karakterar, både komiske og djupe. Som den livskloke madame de Rosemonde avdekkjer til dømes Gretelill Tangen lag på lag av eit menneskesinn, i nokre korte, intense sekvensar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.