Teater

Katastroferapport med varme

Girls & Boys er ein fengslande standupmonolog som endar i noko heilt anna.

Stine Fevik held på det usentimentale i urovekkjande monolog.
Stine Fevik held på det usentimentale i urovekkjande monolog.
Publisert

Ei av dei mange oppgåvene som teateret – og filmen – har, er å handsame ting og hendingar som er for traumatiske til at vi i kvardagen orkar å tenke på dei, langt mindre snakke om dei. Det trengst òg ein rik og djup substans i materialet, både frå forfattaren og utøvarane si side, for å gje det eit meiningsfullt innhald. Det er ikkje slikt ein berre brettar ut utan vidare. Dennis Kellys monologstykke Girls & Boys, no med skandinaviapremiere på Oslos Nye, har ei original og elegant oppbygging frå det slentrande standuppratsame mot ei erkjenningshistorie som etter kvart gjer oss redde og heilt stille i salen. Dramateknisk er det òg lagt slik at vi føler vi får eit heilstøypt skodespel, sjølv om vi berre har éin einsleg skodespelar å sjå på.

Kjærleikshistorie

Kvinna som her fortel historia si, har vore gjennom ei spesiell og underleg kjærleikshistorie, der ho diverre ikkje har skjøna kva som var gale før det var for seint. Då ho trudde ho endeleg var ute av problema, trør ho rett inn i den store katastrofen.

Framsyninga er regissert av svenske Lena Endre, som vi i Noreg vel mest kjenner som ein intens filmskodespelar. Det er gjerne ei analytisk ro over det vi ser henne gjere på film, trass i sterke kjensleskildringar, og det kan verke som skodespelaren Stine Fevik har hatt ei støtte frå regissøren i nett å halde på det usentimentale midt i det forferdelege. For Fevik er denne framsyninga eit definitivt gjennombrot. Ho er sett til å halde ein balansegang frå det direkte, som ein foredragshaldar, til det introvert opplevande av det denne kvinna gjennomgår i tanke og minne, og ho tek det heile på strak arm. Ein greier ikkje kome unna ein banal assosiasjon: Dette kunne ikkje eingong Meryl Streep gjort betre.

Strålande teater

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement