JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

TeaterMeldingar

Kampen om sanninga

Lenis blikk – om kunst og propaganda, løgn og sanning – er interessant og velspelt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Elvik (t.v.) spelar Leni Riefenstahl. Katrine Dale har rolla som Nina Gladitz.

Foto: Den Nationale Scene

3854
20230915
3854
20230915

Den Nationale Scene, Lille Scene

Marius Leknes Snekkevåg:

Lenis blikk

Regi: Audny Chris Holsen
Scenografi og kostyme: Lise Christensen

Som byrjinga på ein tretrinns rakett på Den Nationale Scene denne hausten, er Snekkevågs nyskrivne stykke eit godt utgangspunkt for å utforske kunstens – og kunstnarens – forhold til sanning og ansvar. Og kven ligg nærare å ta tak i enn legendariske Leni Riefenstahl (1902–2003), den makelause dokumentaristen som gjennom ein serie filmar estetiserte nazistane og nazismen, og som resten av livet forsvarte seg med at ho ikkje visste kva naziregimet dreiv med, og at alt som heiter propaganda, var heilt framandt for henne. Røyndomsfornekting på høgt nivå. Og absolutt ingen anger.

Rett tolkar

På Den Nationale Scene har ho funne sin rette tolkar. Sjeldan eller aldri har eg sett Kjersti Elvik på same vis ikle seg ein rollefigur og så å seie bli eitt med kvinna ho skal gestalte. Stolt, suveren, men ikkje usårbar. Skiftande sinnsstemningar og posisjonar råkande formidla gjennom røysta, gestar og mimikk. Mot henne står ein annan dokumentarist, Nina Gladitz (1946–2021), som i førti år arbeidde for å få fram sanninga, og som måtte betale ein høg pris for det.

Etter at Gladitz i 1982 laga ein film om korleis Riefenstahl i 1940 hadde henta ut 132 sintiar og romar som gratisarbeidande statistar frå ein konsentrasjonsleir, og helvta av dei deretter blei avliva i Auschwitz, måtte ho møte Riefenstahl i retten. Der vann ho delvis, men ho blei straffa med at ingen tysk TV-kanal seinare ville gi henne oppdrag.

Året før ho døydde, gav ho ut ei kritisk bok om Riefenstahl. I Tyskland lever debatten vidare. I februar hadde Theater Oberhausen urpremiere på eit stykke av John von Düffel som mellom anna tematiserer konflikten mellom dei to. Forfattaren spør om ho var ein uvanleg gåverik, men naiv filmskapar eller ein bereknande, opportunistisk politikar.

Dei møttest aldri utanfor rettssalen. Det sceniske møtet er ikkje berre fiksjon, det finn endåtil stad etter at båe er døde – kanskje i eit slags limbo. Men i realistiske omgivnader, eit filmstudio. Gevinsten ved å gjere det slik står ikkje klart for meg.

Som Gladitz har Katrine Dale mindre å spele på, ho blir ein slags aktor (og stundom høyrest replikkane ho har fått, slik ut) i ein litt kunstig situasjon. Ho serverer den sjølvmedvitne Leni små stikk, men får også fleire tilbake i den verbale tvikampen mellom dei. Leni stolt, delvis poserande, men på vakt, heile tida på vakt. Nina skeptisk borande. Ho vil ha sanning, svar på spørsmål om kunstnarens ansvar, men får berre høyre at det einaste viktige for kunstnaren Riefenstahl var venleik. Punktum.

Inga ny erkjenning

Med så ulike utgangspunkt er det grenser for kva slike konfrontasjonar kan resultere i. Vi får inga ny erkjenning, snarare litt verbal stanging, utan at vi på noko tidspunkt får inntrykk av at Riefenstahl blir driven frå skanse til skanse. Meir ei form for ordveksling der ulike problematiske sider ved den store kunstnarens praksis blir lyfte fram og sett nærare på, men sjølvsagt utan vedgåingar frå hennar side.

Det er heller ikkje så mykje å hente når dramatikaren dreg inn ein film Riefenstahl aldri fekk realisert. Om amasonedronninga Penthesilea og den mytiske helten Akilles, bygd på ein tragedie av den tyske forfattaren Heinrich von Kleist frå 1808. Framfor noko får dette fram det romantiske stordomsvanvitet hjå hovudpersonen, men det er jo inga ny oppdaging.

Mange spørsmål – langt færre svar. Men dei er det vel meininga at vi skal finne sjølve.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast teatermeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Sjeldan eller aldri har eg sett Kjersti Elvik på same vis ikle seg ein rollefigur og så å seie bli eitt med kvinna ho skal gestalte.

Fleire artiklar

«At diktaturene Kina og Russland skulle bli noen gode og frelsende partnere for resten av verden siden Vesten lot dem i stikken, står ikke til troende», skriv Jon Haugen.

Foto: Sergei Guneev / Reuters / NTB

Ordskifte

«At diktaturene Russland og Kina skulle ha noen historisk rett til å hevne Vestens urett gjennom hundreårene, er helt absurd.»

JonHaugen

«Carta marina» av svenske Olaus Magnus (1490–1557) vart publisert i Venezia i 1539, eit av dei tidlegaste karta over land og hav i Norden.

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Nord-Noreg slik du aldri har sett det før

I kamp med tida og alvorleg sjukdom rakk Terje Øiesvold så vidt å fullføre og få ut livsverket sitt, ei bok det knapt finst maken til her i landet. Men då utstillinga hans opna, var livet over.

Marthe Korsvoll (t.h.) og Lisa Laumann kjøler seg i Akerselva i Nydalen i Oslo.

Foto: Javad Parsa / NTB

Ordskifte
Ole Petter Pedersen

Me kan vere glade og uroa på same tid over uvanleg varme dagar.

Raudfota skogskjelpadde er ein av dei tre artane av skjelpadde som er godkjende til bruk som familiedyr i Noreg.

Foto via Wikimedia Commons

KunnskapFeature
Arve Nilsen

Skjelpadder

Etter at menneska klatra ned frå trea og oppover på næringskjeda, har nok mange skjelpadder blitt fanga og hamna i gryta.

Foto: Tankesmien Agenda

Ordskifte

«Dei fleste røystar ut frå ei form for eigeninteresse.»

Tiril Rustad Halvorsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis