Kammerspelklassikar som «utespel»
Gode skodespelarar ror litt i motvind, er det naudsynt?
Helle Haugen, Modou Bah og Mari Dahl på Centralteatret.
Foto: Lars Opstad
Oslo Nye Teater / Centralteatret
Tennessee Williams:
Glassmenasjeriet
Omsett av Inger Hagerup
Regi: Ilene Sørbø
Scenografi: Katja Ebbel
Musikk: Peder Varkøy
Glassmenasjeriet av Tennessee Williams er ein av dei største klassikarane i den nye verdsdramatikken. Her dreier det seg om det tidlause dilemmaet, kjernefamilien og sjelekampen mellom kjærleik og fridomstrong. Det er ei mor og to vaksne born som alle på kvar sitt vis har lukka seg inne i verd av vonbrot og uoppfylte draumar. Når ein glad og såkalla normal ung mann trer inn i det tronge scenarioet, går det heile sjølvsagt berre frå vondt til verre.
Sjølve columbiegget med all stor dramatikk er truleg at det klarer å balansere mellom det tragiske og det komiske. Denne balansen er tekstmessig lett synleg i Glassmenasjeriet, for dei fleste som har levd i ein kjernefamilie, kan kjenne att dei små og store gnissingane som kan oppstå ved matbordet og i kvardagstristessen. Gjenkjenning fører ofte til latter. Men så er utfordringa å finne balansen i sjølve oppsetjinga.
Distansert
Centralteatret har lagt stykket i eit kaldt, ope scenebilete, murvegger med fasadar av glasfliser. Det kan sjå ut som framsida av eit parkeringshus eller trappehuset i eit kontorbygg. Her finst ikkje stolar å sitje på eller bord å ete ved, ingen dører å kome inn eller ut av. Det heile ser mest ut som eit uteområde. Dette gjer at nokre av dialogane vert underleg meiningslause, for replikkane signaliserer eit klamt, konvensjonelt og borgarleg interiør.
Eit så pass openbert sprik mellom det verbale og det visuelle kan tyde på at ein har strekt seg mot ei distansert tolking av stykket, meir mot kjølig analyse enn emosjonell innleving. Det er i utgangspunktet ikkje noko uinteressant val, men det vert meir uforståeleg når sjølve spelestilen sprikjer.
Helle Haugen spelar mora, Amanda. Dette er ei skakkøyrd kvinne, heilt utan realitetsorientering, men full av kjærleik og otte for borna sine. Ho vil det beste for dei, men utan å vilje det audmjukar ho dei og overkøyrer dei. Helle Haugen er ei briljant komedienne, men i denne rolla har ho fått lov til å gjere Amanda Wingfield til ein halvgalen klovn, utstaffert i frisyre og kostyme som ei slags Wilma i Familien Flint. Slik kjem ho for det meste til å spele mot teksten, for Amanda er nok plagsam, men galen er ho ikkje.
Desperat og poetisk
Spriket i spelestilen mot dei unge i stykket, som da i relieff verkar erkenormale, gjer at den brennande temperaturen i teksten vert vanskeleg å ta på fullt alvor. Bortsett frå det er det godt å sjå Mari Dahl Sæther som dottera Laura, i ein fin dynamikk mellom det forknytte og det varsamt kontaktsøkjande, Modou Bah som den trygge og livsglade gjesten Jim, og Fredrik Høstaker som Tom, dramatikarens alter ego, som både fortel historia i retrospektiv og tek del i handlinga. Her er både den desperate og den poetiske dimensjonen på plass.
Førre gongen Oslo Nye spela Tennessee Williams, då med Sporvogn til begjær, vart det òg ein diskutabel balansegang mellom det komiske og det alvorlege. Truleg lyt ein hugse at sjølv dei beste stykka i verdsdramatikken bør handsamast med ei viss varsemd, kan hende nett som figurane i eit glassmenasjeri.
Bent Kvalvik
Bent Kvalvik er filmarkivar og fast teatermeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.
Foto: Maria Jemeljanova / Fide
«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»
Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou i Hebei-provinsen.
Foto: Ng Han Guan / AP / NTB
Ein straum av problem
Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.
Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.
Foto: Terje Pedersen / NTB
Veksande fjernstyre
Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.