Teater
Kammerspel med kvass tankevekkar
Krenket er energisk og appellerande aktualitetsteater.
Skodespelarane Oddgier Thune (t.v.), Amina Sewali, Marte Engebrigtsen og Assad Siddique får stort spelerom.
Foto: Øyvind Eide
Dilemmaet med korleis ein skal sjå på religion og kultur er blitt påtrengande aktuelt i heile den vestlege verda. Vi blir stendig tvinga til å tenke over kor urokkelege verdiane våre eigentleg er, eller ikkje er, og kor grensene våre går med omsyn til toleranse og respekt.
Det amerikanske skodespelet Krenket (Disgraced) fekk Pulitzer-prisen i 2013. I form er ikkje dette overraskande eller nyskapande dramatikk, men stykket fekk nok åtgaumen sin av di det våga å konkretisere vanskelege samtidsspørsmål i individuelle tilfelle. Det har slett ikkje utspela aktualiteten sin no ved noregspremieren heller. Det rører framleis ved konfliktar og situasjonar vi kan kome opp i her hos oss òg. Viss vi tør.
Sjølverkjenning
I stykket møter vi ein vellukka asiatisk-amerikansk advokat, Amir, som tilsynelatande har teke avstand frå islam og strekkjer seg mot ein vestleg identitet, ikkje minst i sambuarskap med ei kvit, amerikansk kvinne, biletkunstnaren Emily, som ironisk nok er svært oppteken av islamsk kultur. (Er det difor dei er kjærestar?) Når nevøen til Amir ber onkelen om å forsvare ein islamsk aktivist, reagerer Amir og Emily tvert motsett kvarandre på den appellen. Og så kjem den jødiske kunstkuratoren Isaac, som promoterer bileta til Emily, på middagsbesøk med advokatkona si Jory, som er afroamerikansk, kollega av Amir og den argaste konkurrenten hans med tanke på karrieren. (Er det rasepolitikk som gjer at ho dankar han ut?) Konversasjonsdramaet utviklar seg med raknande, tilgjort fordomsfridom og pinlege avsløringar, der alle får sitt. Og i ein i utgangspunktet svært så kultivert setting endar det heile opp i høglydt krangel, spytting i andletet og rein vald. Det er ei uunngåeleg framdrift i stykket, og det gjev mange assosiasjonar til den klassiske tragedien, der formålet og sluttstreken er lutring gjennom sjølverkjenning.
Stort rørslerom
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.