Teater
Isnande klårt om krigsmørkret
Dramatiseringa av den sterke Stranger-romanen er både skakande og elegant.
Karin Bombe er ansvarleg for kostyme og scenografi i stykket.
Foto: Trøndelag Teater
Romanen Leksikon om lys og mørke var ein av dei store snakkisbøkene i fjor. Det var ei høgst personleg neddykking i historia til ein jødefamilie i Trondheim under krigen og i historia om den herostratisk kjende krigsantihelten Henry Rinnan.
Romanen var forma i skiftande brokkar, med tidshopp fram og attende i handlinga og med fleire narrative nivå. At boka såleis skifta mellom nøktern reportasjestil og ufiltrert menneskeskildring, gjorde at ho vart gripande på ein uvand måte. Det har òg teaterversjonen på Trøndelag Teater vorte.
Det gjev sjølvsagt produksjonen eit særskilt trykk at han vert spela på Trøndelag Teater, nett den norske kulturinstitusjonen som vart mest dramatisk ramma av krigen. Teatersjefen Henry Gleditsch vart likvidert av dei tyske styresmaktene saman med mellom andre den jødiske kjøpmannen Hirsch Komissar, ein nøkkelperson i romanen, og no i skodespelet.
Framsyninga er lagd i ei stilisert forteljeform, der skodespelarane går inn og ut av ulike roller, og der scenebiletet etablerer ulike rom, men ikkje realistiske interiør. Spelestilen heller òg meir mot eruptivt fysisk teater enn tradisjonell realisme. Enkelte sekvensar glir òg fascinerande over i kvarandre, mykje takka vere ein fjetrande koreografi av Ida Wigdel. Og både rollefigurane, lagnadene og konfliktane grip hoggande tak i oss, på eit vis vel så ukomfortabelt som når vi ser liknande historisk skam framstilt i TV-seriar.
Både historia om Rinnan sjølv, intenst framstilt av Kenneth Homstad, og maskineriet rundt han, og historia om familien Komissar før, under og etter det som ramma dei, blir fortald med parallelle uttrykk av nøktern, etterpåklok rapport og innlevd smerte. Den nærast funkisaktige scenografien og det kjølige lyset over det heile gjer òg sitt til at vi vekselvis grøssar og vert fascinerte.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.